Nyhende

– Elevane jobbar for full maskin

Tekst og foto: Oddhild Harman

Framsidebilete: Sjølvgåande, effektive og motiverte. Slik beskriv medium og kommunikasjon-lærarane Håvard Krøvel-Velle(42) og Åge André Breivik (36) elevane sine ved innspurten av årets musikal.

Det er laurdag formiddag, men i det ytterdøra til Volda videregåande skule opnast er det langt frå stille. Istaden for den kviskrande lyden frå ventilasjonsanlegget blir øyrene fylt med song, latter og ivrige ungdomsstemmer. Nedtellinga har byrja; det er ti dagar igjen til premieren av musikalen Askeladden.Dotcom.

– Så langt har det gått på skinner! Den grafiske profilen er fin, og vi ligg også godt an med programheftet. Men neste veke blir det mykje jobbing med kulisse-arbeidet, seier Krøvel-Velle.

Elevane som høyrer til utdanningsprogrammet Medium og Kommunikasjon (MK) har i tillegg til grafisk design, også ansvar for blant anna musikal-tv, podcast, reportasjer for nettside og lokalaviser, og fleirkameraproduksjon.

– Det er litt typisk at lærarane er med å produse til musikalen. Vi er med meir som medarbeidarar enn lærarar. Men det har vore veldig bra i år, og vi har fått inn mykje fint stoff, seier Breivik.    

Førprosjektet til musikalen varer i omlag fem veker. Noko av det første dei kreative MK-elevane skaper er logo og plakat.

– Logoen var ein kjempefin prosess og vart fort ferdig. Musikklærarane vart strålande nøgde! No roser dei også  plakaten opp i skyene, smiler dei kjekke karane.

– Elevane er motiverte og jobber for full maskin utan att vi pressar dei til det. Det er noko av det unike i dette prosjektet, det ser vi år etter år. Det blir litt antiklimaks når musikalprosjektet er over.

Billettar kan du kjøpe på nettsidene til Ørsta kulturhus. Sjåast på musikal!