Tiril øvar til musikalen. Foto: Halvor Øvereng
– Eg har ikkje noko stort fokus på at eg er einaste jenta, det er musikken eg fokuserar på, seier Tiril Høydal frå Volda.
Tekst: Halvor Øvereng og Hannah Leite Sætre
I orkesteret sitt det ti gutar og ei jente. Det at Tiril er einaste jenta i orkesteret under musikalen fokuserar ho ikkje på. For ho ligg fokuset på musikken, og det er det som er viktigast.
Med unntak av to andre jenter som spelar blåseinstrument i nokre av stykka, er Tiril den einaste jenta i orkesteret.
- LES OGSÅ: Musikalen tek form
Tiril har vakse opp i ein musikalsk familie og interessa for musikk starta då ho spelte fele.

– Eg gjekk fyrst på fele og så piano, som eg har spelt sida fjerde klasse, men synth er litt nytt for meg, fortel ho.
- LES OGSÅ: Musikal-TV er tilbake!
– Kvifor valde du piano?
– Eg ville begynne på noko anna og valde piano fordi far min spelar det. Å spele musikk har vore ein stor del av slekta, fortel Tiril.
Tiril synest det var veldig gøy i fjor og at samholdet under musikalen er sterkt. Ho seier vidare at det å kunne spele med andre gode musikarar er veldig gøy.
Tiril gler seg til musikalen, som er 19.-22. februar på Ørsta kulturhus.
- Trykk på lenkene til høgre på nettsida for å kjøpe billettar.