Jasper Longva er ansvarleg for programhefteproduksjonen i år. Foto: Natalie Johannsen Øvrelid.

– Eg trudde vi låg ganske dårlig an, sa Jasper Longva før helga. No er programheftet i trykkeriet sine hender.

Tekst og foto: Natalie Johannsen Øvrelid

– Men så kom det hjelp frå uventa hald. No ligg vi ganske godt an. Produksjonen av programheftet er snart i mål, seier Jasper. Saman med to andre har han ansvaret for programheftet i år.

Under musikalveka blir fleire hundre programhefte delt ut til ein fullsett sal med forventningsfullt publikum. Det er elevar frå andre året på Medium og kommunikasjon som lagar programheftet i år.

LES OGSÅ: Musikalen tek form

Frå idé til fotoshoot til Ørsta kulturhus

Programheftet blir laga for at publikum skal få eit lite innblikk i kva dei skal få sjå under musikalen og kva den handlar om, og for å få informasjon om kven som spelar dei ulike karakterane.

– Eg hadde jo ikkje så mykje eg skulle ha sagt på fotoshooten, men det er jo vi som skal sette saman bileta og då var det lurt å vere der og sikre at det blei bra, seier Jasper.

Produksjonen starta med fotoshoot av dei aktuelle karakterane som er med i musikalen. Jasper var med på denne fotoshooten for å kontrollere og sikre at bileta blei slik han ville dei skulle sjå ut.

LES OGSÅ: Kva gjer eigentleg MK under musikalen?

Etter fotoshoot sto etterbehandling av bileta og utforming av programheftet for tur. Arbeidet med utforminga av programheftet har blitt gitt til ei mindre gruppe av grafiskredaksjonen som består av Jasper og to andre elevar.

Øystein Nyhammer (t.v.) jobbar saman med Jasper Longva på den grafiske gruppa før Musikalen 2019. Foto: Natalie Johannsen Øvrelid.

– Det er ganske krevjande

– Vi teiknar bakgrunnar som vi kombinera med bilete som blei tatt i fotostudio. Så skal ikkje bilda vere for seg sjølv i programheftet, dei skal bli fletta saman med teksta, fortel han.

No gler Jasper seg til å sjå det ferdige programheftet.

– Eg trur programheftet blir bra, men det er ganske krevjande, fordi vi har aldri laga programhefte før og vi har ikkje så veldig god tid på det heller, seier han.

Når du kjem til Ørsta kulturhus for å sjå Musikalen 2019 får du sjå arbeidet som Jasper har hatt ansvar for. Billettar finn du i høgremargen eller på nettsidene til Ørsta kulturhus.