Det er onsdag og det er full action på grønskjermstudioet på Høgskulen i Volda, der elevar frå medie- og musikklinja er i gang med innspeling av musikkvideo til årets musikal.

Tekst: Synne Dimmen

Etter ein lang prosess med mykje tankearbeid og godt samarbeid med musikkelevane og manusforfattar Jan Terje Eidset, er Anna Lee Grimstad og crewet hennar godt budd, og gler seg no til å setje i gong innspelinga av musikkvideoen til årets musikal The Cream of Soul.

Alette synes det er kjekt med ei utfordring og gir alt under musikkvideo innspelinga. Foto: Victoria Helde

Det er eit virvar av skodespelarar i flotte, fargerike kostyme, flinke dansarar og elevar frå medium og kommunikasjon som har ansvar for sjølve musikkvideoinnspelinga. Stemninga er lett, men ei viss spenning kan anast. Dansarane gjer ein siste innsats for at dansetrinna skal sitte, og kameracrewet stiller opp kameraet og sjekkar at alt er på plass og klar til filming.

Det er mykje som må vere på plass når ein skal byrje å filme. Skodespelarane må blant anna passe på kvar dei skal stå i forhold til kvarandre og kamera. Utstråling og haldning er også viktig, og dei må vise tydeleg at dei syng. Scener blir tekne opp att fleire gonger for å passe på at både artikulasjon av songtekstar og dansetrinn er på plass.

– Fullt fokus! Tell opp! Ordren frå Eidset er gitt, og filminga er i gang.

I årets musikal har Alette Hustadnes Muren frå 3MU ei nokså stor rolle.

– Det er litt skummelt, men det er mykje kjekkare når du får litt utfordring og får gjere noko du ikkje har gjort før, smiler ho. Sjølv om Muren ikkje har ei like stor rolle som dei andre i musikalen, føler ho framleis eit press på å gjere det bra, og ho må gi meir av seg sjølv enn det ho har gjort åra før.

– Eg har veldig lyst å ha musikken med meg vidare i livet, fordi det gir meg mykje glede og eg elskar å synge og danse, fortel Alette. Til neste år har ho søkt på folkehøgskule på danselinja og gler seg til det.

Som andreklassing synes Erlend det er kjekt å få ha ei så stor rolle. Foto: Victoria Helde

Ein som er veldig engasjert og gir tips undervegs i innspelinga er Erlend Fiskaa Ødegård frå 2MU. I musikkvideoen spelar han ei rolle der karakteren hans elskar livet, og blir elska av damene rundt, og han nyt kor herleg han er.

– Eg er veldig takknemleg og synes det er veldig kjekt å ha ei rolle der eg får vere med så mykje, smiler Ødegård.

– Det er dette som er kjekt! Det å ha ei stor rolle er ei drivkraft i seg sjølv, seier Erlend, som fortel at han også ønskjer ei stor rolle når han er tredjeklassing.

– Vi er veldig spente på korleis resultatet blir. Det har vore mange samtalar med Jan Terje og musikkelevane som er involverte, og eg synes at det gode samarbeidet mellom oss har gjort denne musikkvideoen betre, fortel Anna Lee Grimstad, som har ansvaret for musikkvideoinnspelinga.

No er det redigering av musikkvideo som står for tur og Grimstad håper at dei har har greidd å utføre visjonen til manusforfattar, regissør og produsent Eidset best mogleg.

 

Manusforfattar, regissør og produsent Jan Terje Eidset følger nøye med under musikkvideoinnspelinga. Foto: Victoria Helde