Det er berre to veker igjen til premiera av musikalen «Back to the Future». No må musikklinjeelevane intensivere øvingane og tek helga i bruk.
TEKST: Halvor Øvereng
Denne gangen var det koreografien dei måtte øve ekstra på for å få ei scenisk framsyning. Alle stega må på plass når ein skal gjennom alle innslaga i musikalen. Detaljane i enkeltnummera begynner å sitte slik som dei skal.
LES OGSÅ: – ME LIGG GODT AN
Det var stor variasjon på dansane, frå pardans til større shownummer med mange dansarar. Dei gjekk gjennom alle songane i løpet av søndagen.
Denne gongen var det øving med playback, men snart kjem også orkesteret på plass.