Onsdag 10. januar: Eit film- og animasjonsteam frå 2MK1 er på oppdrag ved Høgskulen i Volda. Der skulle dei øve på å filme inn ein video til MUSIKALEN 2018.
Tekst og video: Truls H. Sætre
Grunnen til at dei filma ved høgskulen er nemlig fordi på Volda vidaregåande skule har dei ikkje ”green screen”- rom tilgjengelig. Så dei fekk booke seg ein ettermiddag borte på høgskulen sitt studio.
Grønskjerm
”Green screen” er eigentlig ikkje anna enn ein grøn duk som heng bak i rommet. Den duken gjer at ein i ettertid kan skilje ut skodespelarane frå bakgrunnen og plassere dei der ein vil i verda. I redigeringsprogrammet kan ein altså plassere dei i ein skog, i eit shoppingsenter, i Det Kvite Hus, eller ein heilt annan stad.
Dei treng berre å bestemme seg. Det sparar både kostnadar og den tida som trengst til å fare til ein stad som er perfekt for det dei hadde i tankane. Etter å ha testa ut dei ulike scenen onsdagen så vart jobben langt enklare under sjølve filminnspelinga den påfølgande søndagen.
Vil inn i A-ha sitt univers
Filmsekvensen er laga på ein måte som gjer at han passar fint inn i ”A-ha” sitt univers, noko MUSIKALEN 2018 i aller høgste grad har som målsetjing når det ferdige produktet skal stå klart på scena midt i februar.
Heile teamet som har arbeidd med sekvensen, og framleis held på, seier dei er spente på å vise fram filmen under framsyninga.