– Eg er heilt sett ut!

Det sa rektor Trond Hjelseth då han fekk ordet etter at premieren på «Hello Goodbye» var i mål tysdag kveld. Eit fullsett Ørsta kulturhus fekk oppleve eit fyrverkeri av ein musikal.

Tekst: Åge André Breivik, Fagkoordinator Medium og kommunikasjon

– Eg har sett «Miss Saigon» i London, og på Folketeatret no nyleg. Det er eit tema som er relatert til dette her. Ikkje eit einaste sekund på Folketeateret eller i London var eg like kjenslemessig rørt som under «Let it be». Det var så magisk at me i salen ikkje torde å klappe, sa rektoren til sine elevar og tilsette.

På scena saman med rektor og representantar frå Ørsta og Volda kommune står ei stor samling stolte elevar og lærarar. Etter mange veker med førebuing var det endeleg på tide å løyse ut premierenervane.

Klikk på bilda under for å sjå kven som fekk blomar etter premieren på «Hello Goodbye».

– Kvar skal eg byrje? Eg kan no byrje med å seie at eg er glad for at ordføraren er på reise så eg fekk representere Volda kommune her i dag, sa leiar av Tenesteutvalet for oppvekst og kultur (TOK) i Volda kommune, Rebecca Riise Bjerknes.

– Det er heilt utruleg kva de får til. Gåsehud, tårer, latter, gjennom heile showet. Det de framfører i dag viser at musikk er så mykje meir enn underhaldning. Det er så mykje ein kan seie med musikk, sa ho.

Noah Halle Sandvik briljerte med gitaren på scena i «Hello Goodbye». Foto: Susanne Sætre, MKVolda.

– Ein eksplosjon

Det er linjene Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon som står bak «Hello Goodbye». Medan musikkelevane står for korsong, solonummer og dans, er det i kulissene ein finn medieelevane. Bokstavleg tala.

For bakarst i kulturhussalen sit to elevar som flyttar oss frå stad til stad i Musikalen. Med strålane frå ei videokanon endrar dei stemninga ved eit tastetrykk.

Rektor Trond Hjelseth snakka til publikum, elevar og tilsette etter premieren på Musikalen 2024. Foto: Susanne Sætre, MKVolda.

– Dette har vore ein eksplosjon. Det har vore grasiøst, det har vore vart, det har vore litt morosamt, men det har vore dønn alvorleg. Og det har vore ein heilskap utan sidestykke i Musikk, dans og drama, digitale kulisser, stemning, sa rektor Hjelseth.

Det var ein fullsett sal som fekk sjå sceneteppet gå opp for den tjuesjuande musikalen i rekkja. Heilt sidan 1997 har musikklinja ved Volda vidaregåande skule arrangert musikal, dei tjue siste åra i samarbeid med Medium og kommunikasjon.

Sjå glimt av premieren i galleriet under.

– Utruleg stolt!

– Eg er utruleg stolt over det de får til. Glad for at Ørsta kommune kan vere vertskap for denne produksjonen, som me har vore i mange år. Når kulturhuset vårt blir nytt om nokre år er de sjølvsagt velkomne tilbake til oss, sa varaordførar Tove Halse Digernes i Ørsta kommune.

101 elevar er involverte i «Hello Goodbye». Med på laget har dei om lag 20 lærarar frå dei to linjene. Elevane gjennomfører fem framsyningar til før Musikalen 2024 er i mål.

– Eg vil takke på vegne av alle i Ørsta kommune, eg kjenner eg er utruleg stolt av det de har gjort. Eg skulle gjerne fått gitt bukett til alle, men det er tronge tider i kommunen også, sa varaordførar Digernes.

Musikalen 2024 er ein ny versjon av «Hello Goodbye» frå 2011. Den var inspirert av filmen «Across the Universe», og sceneversjonen var skriven av Jan Terje Eidset. Han er produsent for årets oppsetting, og har omarbeidd den nye versjonen saman med regissør Marit Lid Skorstad.

– Så har eg lyst å seie til dykk som har valt å velje noko anna i ei tid der det kan verke som at det å vere kul er å gjere så lite som råd av seg. Takk for at de vil gjere mykje ut av dykk, seier Rebecca Riise Bjerknes.

Det er framleis att billettar til framsyningane onsdag og torsdag. Du finn lenke til billettsalet nedst i innlegget.


Følg oss på sosiale medium!