– Når ein skal velje ein artist til musikal, får ein størst variasjon i The Beatles

Det seier Elias Kleppe, som spelar slagverk under musikalen “Hello Goodbye”.  

TEKST: Stine Elise Kalland Nærø

Musikalen “Hello Goodbye” nærmar seg premiere, og bandet er godt i gang med å øve inn alle dei tjue The Beatles-songane dei skal spele live under Musikalen 2024.  


– Du har alt i frå klissete kjærleikslåtar til psykedelisk galskap, seier Kleppe, som er storfan av The Beatles. 

Musikalen «Hello Goodbye» er fylt med The Beatles sine songar og bandet er med på å få desse songane i live.

“Når ein skal ha ein musikal om ein enkelt artist, får du størst variasjon med å velgje «The Beatles». Du har alt i frå klissete kjærleikslåtar til psykedelisk galskap.”

– Elias Kleppe (3MU)

Elias Kleppe byrja å spele slagverk då han var 7-8 år gammal og nå skal han være med i musikal bandet for det tredje året på rad. Han var med i bandet på musikalen “Somebody To Love» i 2023 og han var med på å spele ein av låtane på musikalen “Life Actually» da han gikk det første året på musikk, dans og drama. 

Musikkelevane gler seg til musikalen, men spesielt dei som er store Beatles-fans. 

 – Det er den enkeltartisten eg har høyrd mest på, seier Elias Kleppe.

Sisteårseleven fortel at han alltid har satt pris på The Beatles og den store musikalske utviklinga dei har hatt frå byrjinga av The Beatles til slutten og synest det er kjekt at dei får med litt av kvart i musikalen. 

Musikklærar Gunnar Sigve Aurdal har eit litt anna forhold til The Beatles. Då han vaks opp var det ikkje slike ting som Spotify og Internett, så ein kunne ikkje høyre på den musikken ein ville til ei kvar tid.

Då han var mindre hadde han ingen Beatles-fans rundt seg, så Gunnar sitt første store møte med The Beatles var “Hello Goodbye”, Musikalen i 2011.

Gunnar Sigve Aurdal er kapellmeister under Musikalen 2024. Foto: Susanne Sætre, MKVolda.

– Det var kjemperart å vere på den sida av bordet som eigentleg ikkje kunne songane så veldig godt frå før, fortel han.

For nokre av elevane som var med i orkesteret var skikkelege fans.

Gunnar Sigve Aurdal er kapellmeister. Det betyr at han er den som har det overordna ansvaret for orkesteret. Gunnar sørger for at alle har det dei treng av notar og han tek kontroll over øvingane og styrer dei også undervegs i konserten. 

– Det er fleire utfordringar. Vi skal på den eine sida heidre The Beatles i det vi gjer. Samtidig skal vi få det til å låte som ein musikal, så den balansen er ein del av utfordringa, seier Gunnar.

– Spesielt når mange av gutane i bandet er The Beatles-fans, så er det litt vondt for dei å skulle gå vekk frå det dei kallar «originalen», seier han.

Musikalbandet består av tre faste elevar. Det er Noah Halle Sandvik (3MU) som spelar gitar, Asbjørn Olai Lykkeslet (3MU) som spelar gitar og perkusjon og Elias Kleppe (3MU) som spelar slagverk. Det er også tre faste lærarar i bandet, Gunnar Sigve Aurdal som spelar bass og er kapellmeister, Stein Henrik Vartdal som spelar tangentar og perkusjon og Kjetil Eiksund på tangentar.

– Det kjekkaste med det er eigentleg å få spele med lærarane, for det får ikkje vi gjort så altfor ofte, seier Elias Kleppe.

– Å sitte der på øving og lytte på kva dei gjer, med sin musikalske ekspertise som vi ikkje har, og med sine år på baken, det er noko av det kjekkaste, seier han.

Nokre veker før musikalen er bandet klare og det er berre finpussinga som er igjen. Solistane har blitt kopla på og er klare til å framføre. Elias Kleppe gler seg spesielt til songane «Helter Skelter» og «Drive My Car».

– Det er mykje energi i låtane, og spesielt i «I Want You (She’s So Heavy)». Det blir eit digert lydbilde, som eg gler meg veldig til, seier trommeslagaren. 


Følg oss på sosiale medium!