Fornyinga av «Hello Goodbye»

– Eg trur den blir visuelt nydeleg, seier  Jan Terje Eidset om 2024-utgava av «Hello Goodbye».

Tekst: Dorthea Sævik Bjørneset

Kvart år sidan 1997 har Volda Vidaregåande skule arrangert Musikalen. Det er elevane og lærarane ved linjene Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon som står bak Musikalen 2024.

I år er det “Hello Goodbye” som er årets musikal. Denne musikalen er ein fornya versjon av Musikalen med same namn frå 2011.

Jan Terje Eidset er assisterande rektor og jobbar som avdelingsleiar for Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon og for Kunst, design og arkitektur ved Volda Vidaregåande skule.

Han skreiv manuset for “Hello Goodbye” som fyrst hadde premiere i 2011. Han har skrive mange musikalar før og etter.

Produsent Jan Terje Eidset skreiv «Hello Goodbye» i 2011 og har vore med på fornyinga i år. Foto: Dorthea Sævik Bjørneset, MKVolda

Den fyrste Musikalen eg var med på å skrive var “Ringaren”. Eg skreiv ikkje den. Den blei henta frå eit fransk manus som er frå «Ringaren av Notre Dame», fortel Jan Terje Eidset.

Marit Lid Skorstad er lærar på musikklinja ved Volda Vidaregåande skule. Ho har songelevar, underviser i drama og ergonomi og bevegelse og undervisar også på TPO.

Ho er regissør for “Hello Goodbye”. Ho har ansvaret for det som skjer på scena, rollene og elevane. 

– Eg er regissør. Eg prøvar å få alle trådane til å henge saman. Eg prøvar å lage ein god link mellom musikken og det som skjer visuelt på scena, seier Marit Lid Skorstad.

Marit Lid Skorstad er regissør for «Hello Goodbye» som har premiere 13. februar. Foto: Dorthea Sævik Bjørneset, MKVolda

Marit og Jan Terje har jobba saman med dei andre musikklærarane for å fornye “Hello Goodbye”. Dei fjerna nokre roller og har justert der historia trengte det.

Marit seier at dei har tilpassa Musikalen for elevane dei har no, slik at elevane opplever Musikalen for relevant. 

– Når vi har heilt andre elevar enn det vi hadde for 12 år sidan, både i tal og om det er jente eller gut og kven dei er, då er det fint å skrive det om slik at det passar til dei og også tida vi lever i no i dag. Vi endra det slik at vi opplever den som litt meir relevant, seier Marit Lid Skorstad.

«Hello Goodbye» handlar om Vietnamkrigen og opprøret i USA. Det handlar om å bevege seg ut i verda, møte nye folk, skaffe relasjonar til folk, både på godt og vondt. 

– Vi er jo inni eit Hippie-miljø då. Men så kjem militæret frå landet dei bur i og seier at alle må vere med å bidra for å få slutt på krigen. Nokre må verve seg. Dette er både skummelt og farleg. Nokre er redde og frustrerte, og så får vi sjå korleis det går med dei, fortel Marit.

Uansett om dei har fornya Musikalen og endra på handlinga, er det mykje relevans i temaet for ungdom i dag. Det er mykje krig i nærleiken av oss, så desse hendingane gjer musikalen meir relevant for oss som bur nære krig. 

Tysdag 13. februar er det premiere på Ørsta kulturhus. Elevane og lærarane er spente og gler seg mykje til førestillingane. Dei håpar at publikum liker den. 

– Den er fin, tøff, emosjonell, morosam, trist, det er forelsking. Det er mange sterke kjensler i sving, seier regissør Marit.


Følg oss på sosiale medium!