Hektiske dansetrinn

Koreografi, song og musikk. Det er mykje som skal tilpassast før Musikalen 2024 er klar for premiere.

Foto: Susanne Sætre, Magnus Lindner, MKVolda

Tekst: Susanne Sætre, MKVolda

Neste veke er musikalveka endeleg i gang og no er musikklinja snart ferdig med alle øvingane før dei skal i gong med dei siste gjennomkøyringane før premieren neste tysdag!

Fleire solistar har vore på plass i Festsalen for å øve på koreografi. Her ser vi Jon Erik Aasebø og Frida Aurora Nordbø Halck frå 3MU som øver til eit av nummera sine.

Koreograf Renata Nagy Vynikalova viser korleis trinna i dansen skal gjerast. Frida og Jon Erik spelar kjærasteparet Eleanor og Daniel og vi vil få følge heile historia deira gjennom musikalen.

Foto: Susanne Sætre, MKVolda

Tina Gjøsdal og Ronnie Hauge Sætre fra 3MU gir oss ei rå og kjensleladd framføring i rollene sine som Sadie og John. Her øver dei på songen “Helter Skelter”

Foto: Susanne Sætre, MKVolda

I tillegg til alle houvudrollene så er det fleire bakgrunnskarakterar som skal vær på scena. Dette er elevar fra alle musikk klassene. Her ser du bilder fra forskjellige dansenummer og kostymeprøva på tirsdag der dei øvde på bukke for publikum.

Foto: Magnus Lindner, MKVolda

LES OGSÅ: Korharmonisk laurdag


Følg oss på sosiale medium!