Lyrisk danseøving

Her får du eit glimt av eit av dei nydelege dansenummera i årets musikal, med kommentarar frå ein av dansarane.

Tekst: Susanne Sætre, MKVolda / Foto: Susanne Sætre og Magnus Lindner, MKVolda

Musikalveka nærmar seg og det er no under to veker til premiera av musikalen 2024 i Ørsta kulturhus. Øvingane er godt i gang og dei siste detaljane skal på plass. Blant desse er ein vakker pardans med Olav Kvangardsnes frå 2MU og Malin Røren Remme frå 3MU. Saman med koreograf Renata Nagy Vynikalova var dei på mandag i festsalen for å øve.

Malin Røren Remme er ein godt erfaren dansar. Ho driv med både jazzballett og comtemporary dans i fritida si.

Koreograf Renata Nagy Vynikalova har god kontroll på dansen og er ofte med for å vise elevane korleis det skal gjerast.

Det Malin synest er utfordrande med denne dansen er at begge skal greie å hugse timinga.

– Vi har jo aldri dansa ilag før. Og no skal vi også liksom vere kjærastar, legg ho til.

Denne dansen er lik det Malin driv med ellers.

– Vi dansar veldig lyrisk slik som vi også gjer i jazzballett, fortel ho.

Malin har fleire dansenummer i musikalen og ein vil også sjå mykje av ho i hippiegjengen.

– Eg er for det meste på scena med mindre eg er av for å skifte, avsluttar ho.

Vil du sjå meir vakker dans, må du kjøpe billett til musikalen. Du finn lenkjer til dei ulike framsyningane ved Ørsta Kulturhus under her.

Sjå fleire biletgalleri:


Følg oss på sosiale medium!