Den vanskelege posituren blir testa ut av Tor, medan Ståle fotograferar. Foto: Maren Vassbotn.

– Eg er veldig glad i fotografering, og dette er noko eg har lyst til å jobbe med på eit seinare tidspunkt, seier Tor Haug Svendsen.

TEKST: Ann-Katrin Moldskred Holen

[Denne artikkelen vart publisert i Avisa Møre laurdag 16. februar.]

– Gler du deg til fotoshooten?

– Ja! Å jobbe i fotostudio og ha all kontrollen ein har der, det synes eg er veldig gøy. Eg gler meg til å jobbe med nye folk som eg ikkje har jobba med før, fortel Tor Haug Svendsen. Han er medium- og kommunikasjonselev ved Volda vidaregåande skule, og er ein av fotografane som arbeider med Musikalen 2019.

Ute skin sola frå klar og blå vinterhimmel. Inne i det vesle fotostudioet er det mørkt, klamt og varmt. Einaste lyskjeldene å sjå er fire studiolys plassert rundt bakgrunnen i eit kvadrat. Klokka er snart 11. Tor, medfotograf Natalie Johannsen Øvrelid og lærar Ståle Hansen gjer alt klart til den store fotoshooten som ventar dei. Dei har fått eit viktig oppdrag: bileta dei skal ta i dag skal ende opp i programheftet som blir utdelt under sjølve framsyninga.

Magetrening

– Det er tungt, ler Natalie.

Alle bileta må vere godt planlagt, og Natalie er testmodell. Lyssetting, utsnitt og positurar må prøvast ut på førehand, slik at sjølve fotograferinga skal gå effektivt. Dette forarbeidet har mykje å seie for korleis resten av arbeidet vil gå.

– Eg klarer ikkje dette, seier Natalie og ber Tor om å ta over. Han vrir seg i stillinga, blir andpusten og seier han kjenner det godt i magemusklane. Dei pratar seg imellom, berre avbrotne av lyden av blitzen som blir avfyrt.  

– Då har vi 25 minutt igjen, seier Ståle og ser på klokka. Han slår fast at det ikkje blir tid til lunsj i dag.

– Då får ikkje vi heller lunsj, Tor, kommenterer Natalie. Fotoshooten er straks igang.

SJÅ VIDEO: Bak bileta i programheftet

– Eg er veldig glad i fotografering, seier Tor Haug Svendsen. Foto: Ann Katrin Moldskred Holen

Musikk- og medielinja ved Volda vidaregåande gjennomfører musikalprosjektet kvart år, og det ligg mykje arbeid bak før det endelege resultatet blir presentert for publikum. Produksjonen av programheftet til dømes, involverer både fotografar, designarar og eit produksjonsteam. Fotooppdraget som Tor og Natalie har fått her, inneber å fotografere 32 modellar i ulike positurar og samansetningar. Då gjeld det å vere godt førebudd, og arbeide effektivt for å kome i mål.

Musikkelev Siw Helen Torvik entrar studio, og det er tid for den vanskelege posituren som bydde på utfordringar.

– Håper du er klar for ei god mageøkt, det kjem til å gjere veldig vondt etter kvart, advarer Tor.

SJÅ BILETGALLERI: Glimt frå ein premierekveld

Byter på ansvaret

Natalie knipsar dei fyrste bileta, medan Tor instruerer modellen om kvar ho skal halde blikket. Siw skal ha eit sint ansiktsuttrykk samstundes som ho må halde posituren. Håret heng ned i ansiktet, så Tor spring til for å hjelpe.

– Har vi teip? spør Tor.

– Vi teiper ikkje håret mitt! gjer Siw klart. Han børstar det bak hjelmen ho har på seg i staden.

– Skikkelig vakkert! kommenterer Siw.

Det å vere fotomodell framfor kamera kan vere ein krevjande jobb, så det er godt med litt rettleiing. Då er det fint å vere to fotografar, og samarbeidet mellom Tor og Natalie fungerer godt.

– Vi byter på å ta bilete, gi kvarandre feedback og prøver å hjelpe kvarandre så godt vi kan. Eg har jobba med Natalie i studio tidlegare, faktisk nøyaktig eit år sidan i dag. Å jobbe med ho er veldig kjekt, fortel Tor.

Her diskuterer Ståle saman med Natalie og Tor, for å fortelle dei korleis han vil ha bileta. Foto: Maren Vassbotn.

– Godt å ha hjelp

– Det var skarpt som F!, skyt Ståle inn.

Natalie og Ståle ser nøgd på resultatet. Sjølv om det er elevane som skal gjere jobben her, er det ein ekstra tryggleik å ha med lærar Ståle Hansen i studio.

– Det å alltid ha eit svar til spørsmåla rett ved seg, kjem godt med, fortel Tor.

– Det å alltid ha eit svar til spørsmåla rett ved seg, kjem godt med.

Tor Haug Svendsen

Grupper av kostymekledde elevar kjem og går, og det vesle studioet kjennest til tider klaustrofobisk. Når orkesteret, som tel heile tolv personar, skal fotograferast, og instrumenta skal vere med i biletet, blir det ekstra trangt. Dei stiller seg foran kamera med alle instrumenta sine og gjer seg klar. Fotografane instruerer og flyttar rundt på dei.  

– Pianoet skal stå på skrå, seier Ståle.

– Det er ikkje eit piano, kviskrar modellen.

Musikkelevane i orkesteret har med seg instrumenta inn, og spelar på dei under fotograferinga. Foto: Ann Katrin Moldskred Holen.

Mykje lyd og mykje arbeid

Instrumenta lagar mykje lyd, og må spelast på medan bileta blir tatt, serie for serie. Det kan kjennast meir klaustrofobisk no enn i stad, no når lyden fyller rommet attpå. Kombinasjonen og tung luft, støy, og eit hint av sveittelukt, gjer den vesle trekken frå den opne døra kjærkomen. Trass i all støyen, held Tor konsentrasjonen utan å bli forstyrra.

– Eg er veldig van med å ha ein eller anna lyd på mens eg jobbar med noko, det held meg snarare meir fokusert enn distrahert, forsikrar han.

Når den siste pulja kjem inn, byrjar Tor å sjå enden på dagens arbeidsøkt. Det er lett å sjå i auga hans at han er letta.

– No er eg veldig svolten, veldig sliten og veldig klar for å gå heim igjen. Det vart ganske slitsamt etter kvart og eg kjente det når timane gjekk. Men eg legg likevel ikkje merke til dette når eg held på, fordi eg likar arbeidet så godt. Eg er veldig glad i fotografering, og dette er noko eg har lyst til å jobbe med på eit seinare tidspunkt, avsluttar Tor.

Resultata av fotoshooten kan du sjå i programheftet til årets musikal «Back to the future – for the worlds sake».