Om musikalen

* Årets musikalplakat er laga av Marielle Liadal Ortiz, Tuva Mårstøl og Håvard Krøvel-Velle. Elevar med Bilete som valfag på vg2 har tatt portrettbileta som representerer ulike kjensler.

Grønt lys for Musikalen!

Pressemelding Musikalen 2022

No blir det jubileumsfeiring, seier produsent Jan Terje Eidset for Musikalen ved Volda vidaregåande skule. 14. februar har «Life, actually» premiere i Volda.

Musikalen markerer eit dobbelt jubileum når ein no flyttar inn i Volda si nye storstove Volda Campus Sparebank1 Arena.

Om musikalen

MUSIKALEN er eit samarbeid mellom Musikk, dans & drama, Medium & kommunikasjon og Kunst, design & arkitektur ved Volda vidaregåande skule. «Life, actually» er den 25. musikalen i rekka.

Sjå nettsidene til tidlegare musikalar + plakatgalleri i arkivet.

* Volda Campus Sparebank1 Arena blir bygd om til konsertarena når Musikalsirkuset inntek hallen i februar. Foto: Åge André Breivik, Medium og kommunikasjon / Volda vidaregåande skule.

– Dette blir den tjuefemte musikalen i rekkja. I tillegg markerer me tjueårsjubileet for Medium og kommunikasjonslinja, fortel Eidset.

Musikaleventyret starta med musikklinja si oppsetjing av West Side Story i 1997. Nokre år seinare kom Medium og kommunikasjon med i prosjektet med dokumentasjon og visualisering. Når Kunst, design og arkitektur kom med for nokre år sidan er alle tre studieførebuande linjer ved Volda vidaregåande skule med på storhendinga.

– “Life, actually” viser eit utsnitt av alle dei ulike kjenslene me møter gjennom livet, visualisert gjennom musikk, film, dans og mykje meir, seier produsenten.

– Inspirert av erfaringar og opplevingar både frå lærarar og elevar ved dei kreative linjene på Volda VGS, så er årets musikal ei feiring av livet, skyt regissør Marit Lid Skorstad inn, og legg til at “Life,actually” er vårt svar på dei åra som har vore, og vår draum for åra som kjem.

* Produsent Jan Terje Eidset og regissør Marit Lid Skorstad inviterer til dobbelt jubileum i VCA i februar. Foto: Åge André Breivik, Medium og kommunikasjon / Volda vidaregåande skule.

– Saman kan vi dele sorger og gleder og lyfte oss sjølve og fellesskapet til noko som verkeleg er verdt å feire, seier ho!

Volda Campus Sparebank1 Arena blir bygd om til ein konsertsal i veka medan Musikalen held på, og vil ikkje vere til å kjenne att for dei som har vore på idrettsarrangement i hallen.

– Vi lovar at alle som tek turen innom i februar får ei oppleving for livet, seier produsent Eidset!

Med lettare restriksjonar frå regjeringa blir det (per no) plass til 200 publikummarar per framsyning frå og med premieren måndag 14. februar.

For at flest mogleg skal få høve til å sjå den, så vil vi legge opp til fleire framsyningar per dag, avsluttar produsent Eidset.

P.S. Billettsalet til “Life, actually” blir offentleggjort her på nettsida når me kjem nærare premieren.