Om musikalen

Pressemelding | Synopsis | Framsyningar/billettar | Tidlegare musikalar

MUSIKALEN er eit samarbeid mellom Musikk, dans & dramaMedium & kommunikasjon og Kunst, design & arkitektur ved Volda vidaregåande skule. Askeladden.dotcom er den 24. musikalen i rekka.

Pressemelding

Av Åge André Breivik

På eventyrlege stigar til scenekanten

Lenge og lenger enn lenge skal dei øve, dei tre studieretningane som skal til Ørsta kulturhus for å lage musikal.

11. februar er det premiere på eventyrmusikalen Askeladden.dotcom når Volda vidaregåande skule inviterer til sin 24. musikal. Det var ein gong på 90-talet Musikklinja starta eventyret. Over berg og blåne fann dei selskap i Medium og kommunikasjon på 2000-talet, og langt om lenge er endeleg Kunst, Design og Arkitektur (KDA) med på laget frå 2020.

– Det er veldig kjekt å ha med alle dei tre kreative linjene på prosjektet, seier Jan Terje Eidset. Han er avdelingsleiar for linjene, og er både produsent og regissør for Musikalen 2020.

* Heile truppen samla på scena etter premieren i fjor, tradisjonen tru med ein hoppande Jan Terje Eidset i forgrunnen. Foto: Åge André Breivik.

I den 24. Volda-musikalen er det dei tradisjonsrike eventyra som blir fornya. Musikalen Askeladden.dotcom hentar inspirasjon både frå dagens samfunn og Asbjørnsen og Moe.

Dette eventyret er skrive av musikklærar Gunnar Sigve Aurdal, som sjølv var med som musikkelev i den fyrste musikalen i 1996.

I år er det regidebutant Marit Lid Skorstad som saman Jan Terje Eidset skal forme musikalen. Eidset har hatt regirolla fleire gonger tidlegare. Saman med ei mengde lærarar skal dei hjelpe elevane fram til dei står på scena på Ørsta kulturhus.

Heile 115 elevar frå dei sju kommunane på søre Sunnmøre er involverte i Musikalen. Elevane er med i alle delar av produksjonen, frå arrangering av musikk via kulissebygging til fleirkameraproduksjon.

Musikalen 2020 feirar tre dagar til ende, med premiere på Ørsta kulturhus 11. februar, to framsyningar både onsdag og torsdag, og ei avsluttingsframsyning fredag 14. februar.

Synopsis

Av Jan Terje Eidset

I år tek musikalen utgangspunkt i eit univers vi først og fremst kjenner att frå våre eigne folkeeventyr. Vi legg difor ut på ei heilt ny og svært så spennande reise saman med nokre av våre mest kjende og kjære figurar frå eventyra: Askeladden, Raudhette og Veslefrikk.

Det viser seg nemleg at eventyrverda er i ferd med å rakne fullstendig sidan den i vår moderne tid no må konkurrere om merksemda, og ikkje når fram i den stormen som er skapt av sosiale medium. Kva har eventyra å stille opp med i mot Paradise Hotel, Idol, Snapchat, tik-tok, The Voice, osv? Har eventyra utspelt si rolle, eller har dei ein sjans i denne nye medietidsalderen vi er inne i? Det er eigentleg det våre heltar legg ut på reise for å finne svar på, sjølv om hovudmålet er å finne ei prinsessekrune som virkar, sidan den som prinsessa deira no sit med, har byrja å falme …

Framsyningar

Tidlegare musikalar

Mimre attende til våre tidlegare musikaloppsetjingar gjennom fjorårets avisomtale i Møre-Nytt, og plakatgalleriet nedanfor. Du kan også sjå dei rikhaldige nettsidene frå dei sju siste musikalane: 2019 | 2018 | 2017 | 2016 | 2015 | 2014 | 2013 (P.S. Somme tidlegare nettsider er forenkla med WordPress sin standardbunad, og ser difor ikkje sameleis ut som då dei var aktive).

Avisomtale i Møre-Nytt 21.02.2019

Av Arne Ola Grimstad

P.S. Kontrollar for å bla mellom sidene ligg nedst til venstre.

Plakatgalleri