Rektor Trond Hjelseth var godt fornøgd etter å ha sett fyrste akt av førpremieren på «Back to the Future – for the World’s sake». Foto: Natalie Johannsen Øvrelid.

Det seier rektor Trond Hjelseth etter å ha sett elevane sine framføre fyrste akt av “Back to the Future – for the World’s sake”.

TEKST: Dennis Solvåg Løvold

Berre timar før premieren kom Trond Hjelseth, rektor på Volda vidaregåande skule, innom Ørsta kulturhus for å få sjå gjennomgangen til musikalen på førpremieren. Han var særs fornøgd med det han såg.

– Dette var storslagent, og eitt svært viktig tema å formidle, seier han.

– Miljø er noko som ikkje berre påverkar enkeltliva våre, men alle sitt liv. Temaet er sopass viktig at eg håper dette er noko som musikalen vil ta med seg vidare, og fleire vil følgje i same spor. Vi vil sannsynlegvis sjå same effekten i skulen i nær framtid, der ein grøn planet er i fokus, seier Trond Hjelseth.

Som rektor har han fått sett mange av dei tidlegare musikalane, og syns denne skilte seg spesielt ut, på grunn av det flotte samarbeidet mellom Musikk og Medium og kommunikasjon han såg i dag.

– Det var kjempestor breidde i musikksjangrane, og det gav musikalen eitt heilt unikt preg, sa Trond. Han gler seg allereie til premieren i kveld, klokka 19:30.

Han har store forhåpningar om at musikalen i år blir like bra på andre akt, som den var i fyrste.

Billettar finn du på nettsida til Ørsta kulturhus.