Musikalturné i kjærleikens teikn

Pressemelding Musikalen 2023

Måndag 13. februar går sceneteppet opp for «Somebody to love»! På scena får publikum møte kjærleiken gjennom musikk, dans og fargar.

* MUSIKALEN 2020 | Foto: Åge André Breivik

Årets musikal frå Volda vidaregåande besøker både Ørsta kulturhus og Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik frå 13.-16. februar. 

«Somebody to love» er den 26. musikalen i rekkja, og den fyrste der elevane sjølve har vore med på å skrive manus. Årets tredjeklassingar på Musikk, dans og drama har vore med på prosessen for å knyte songane i musikalen saman til ei forteljing. 

* Årets plakat, laga av 3MK1

I Musikalen møter me fleire studievener som går gjennom kvar sine utfordringar. For korleis kan ein oppnå kjærleiken? At nokon ser deg og at ein har nokon å vere glad i?

Det er problematikken når «Somebody to love» opnar for publikum i Ørsta kulturhus og på Sjøborg kulturhus. 

– Det er veldig kjekt å få vere på Ørsta kulturhus ein gong til, og det er veldig fint å kome tilbake til ytre søre med Musikalen, seier produsent Jan Terje Eidset. Sist musikalsirkuset besøkte Ulsteinvik var med «Be Our Guest» i 2015. 

Alle dei tre linjene som står bak musikalen er studieførebuande kreative fag, som også er regionstilbod for heile søre Sunnmøre. 

– Det er klart det er viktig for oss å vise att i miljøet der me rekrutterer elevane våre frå, seier produsenten. 

Linja Kunst, design og arkitektur er med på produksjon av kostyme og rekvisittar til årets musikal, medan Medium og kommunikasjon står for kulisser, marknadsføring og dokumentasjon. 

Om lag 140 elevar og 20 lærarar er med på lasset når Musikalen 2023 sparkar laus 13. februar på Ørsta kulturhus.

Framsyningar

Prisar

Pris vaksne (frå 16 år): kr. 360,- *
Pris born (til og med 15 år): kr. 200,- *

* Påslag knytt til billett- og seteavgifter på kulturhusa kjem i tillegg. For Ørsta Kulturhus er dette eit påslag på 25 kroner, for Sjøborg kulturhus er dette eit påslag på 20 kroner.

Følg oss på sosiale medium!