Sparebank1 Søre Sunnmøre med på laget

Posta

under

– Det er veldig kjekt å sjå kor god produksjon vidaregåandeelevane greier å få til år etter år!

Tekst og foto: Åge André Breivik

Det sa avdelingsbanksjef for personmarknad i Sparebank1 søre Sunnmøre Arne Lothe då han vitja Musikalen etter generalprøva på «Somebody to Love».

– Sparebank1 skal gjere det betre å bu og verke på søre Sunnmøre. Det at elevar frå alle sjustjernekommunar er med på dette er positivt og veldig kjekt! Det er veldig kjekt å sjå at elevar frå heile søre Sunnmøre kjem til Volda for å gå på skule, sa Lothe.

Kollega frå Ørsta, avdelingsbanksjef Marius Søvik er einig.

– Det er kjekt å sjå at alle kommunane på søre Sunnmøre er representerte, seier han.

– Dette har vore ein veldig fin produksjon fleire år på rad. Eg fekk sett slutten, og dei som skal sjå dette seinare kan gle seg, sa han etter generalprøva.

Sparebank1 Søre Sunnmøre støtter i år igjen musikalprosjektet på Volda vidaregåande skule, og Lothe er imponert over nivået.

– Det er ikkje berre dei som står på scena, men produksjonen rundt og produksjon av kostyme. Det er eit veldig godt teamarbeid på vidaregåande, og me ser at kvaliteten stig år for år. Då treng ein støtte, seier han.

Elevane frå dei tre linjene takka for støtta då Sparebank1 Søre Sunnmøre besøkte Ørsta kulturhus måndag. Foto: Åge André Breivik

Framsyningar

Prisar

Pris vaksne (frå 16 år): kr. 360,- *
Pris born (til og med 15 år): kr. 200,- *

* Påslag knytt til billett- og seteavgifter på kulturhusa kjem i tillegg. For Ørsta Kulturhus er dette eit påslag på 25 kroner, for Sjøborg kulturhus er dette eit påslag på 20 kroner.

Følg oss på sosiale medium!