«Somebody to Love» støtta av Sparebanken Møre

Posta

under

– Me synst Musikalen er eit kjempefint arrangement som me gler oss til kvart år!

Tekst og foto: Åge André Breivik

Det sa banksjef Mette Ryste i Sparebanken Møre då ho møtte musikaldeltakarar på Ørsta kulturhus før premieren.

– Kvart år blir eg så imponert over at det går an. For eg synst det byrja veldig bra, og så er det blitt betre og betre og betre. Eg sit sjølv ofte i salen og må tørke ei tåre, anten fordi eg er rørt, trist eller berre lever meg så inn i det som blir formidla, seier ho.

Sparebanken Møre er i år igjen med på å gjere det mogleg  å få til Musikalen. Måndag kveld var det premiere på den 26. i rekka.

– Så tenker eg at det er viktig. Det er viktig for Volda vidaregåande skule, det er viktig for å finne ut kva skule dei skal gå vidare. Det er viktig for dei som får stå på scena, for lærarar, for støtteapparatet. Eg synst dette er eit så fantastisk arrangement, som involverer mange. Så er me veldig mange som er heldige og får sitje i salen og kose oss, seier banksjefen.

140 elevar og om lag 20 lærarar er med på produksjonen av «Somebody to Love», i tillegg til innleigd hjelp til lyd og lys. Då kjem hjelpa frå banken godt med.

– Eg synst profesjonalitetsnivået er skyhøgt altså. Eg er så imponert, og det blir eg kvart år. Det er nesten så eg spør «går det an å gjere det betre enn i fjor»? Men eg gler meg til premieren altså!

Framsyningar

Prisar

Pris vaksne (frå 16 år): kr. 360,- *
Pris born (til og med 15 år): kr. 200,- *

* Påslag knytt til billett- og seteavgifter på kulturhusa kjem i tillegg. For Ørsta Kulturhus er dette eit påslag på 25 kroner, for Sjøborg kulturhus er dette eit påslag på 20 kroner.

Følg oss på sosiale medium!