– Kjære folk: Dette svinga!

Posta

under

Det sa rektor Trond Hjelseth då han hadde sett premieren på «Somebody to Love» måndag kveld. Eit fullsett Ørsta kulturhus fekk sjå eit energisk ensemble framføre ein hyllest til kjærleiken.

Rektor Trond Hjelseth ved Volda vidaregåande skule brukte store ord då han omtala musikalpremieren på «Somebody to Love». Foto: Åge André Breivik

– Endeleg er me tilbake i normalformatet på ei skikkeleg scene etter covid-tida. Og kjære folk: Dette svinga! Det er heilt fantastisk! Eg tenker at no har eg 16-17 musikalar, dei fleste har eg sett 2-3 gonger, eg tenker at det aldri har vore spelt på så mange strengar i ei framsyning nokon gong, sa Hjelseth.

Han trekte fram breidda i musikken, samarbeidet om kostyme og rekvisittar og dei digitale kulissane, som saman skaper Musikalen.

– Musikalen er for meg ei ungdomskjelde. Når eg starta som rektor var eg 44 og like tynnhåra som eg er no. Eg har ikkje mista eit hår sidan, gliste han til dei involverte elevane og lærarane på scena.  

«Somebody to Love» er den 26. musikalen i rekkja, og hadde premiere på Ørsta kulturhus 13. februar. Foto: Åge André Breivik

Rektor Hjelseth fekk følgje av ordførarane Stein Aam frå Ørsta og Sølvi Dimmen frå Volda på scena då premierenervane var utløyste.

Ordførarane Stein Aam frå Ørsta og Sølvi Dimmen frå Volda skrytte av Musikalen 2023. Foto: Åge André Breivik

– 140 aktørar, 20 lærarar frå ni kommunar. Viser ikkje det, Sølvi, at me greier å samarbeide, spurde Aam frå scenekanten.

Ørsta-ordføraren trekte fram det interkommunale samarbeidet som gir resultatet «Somebody to Love».

– Det er altså så kjekt å få lov å vere med på det, at dette er om lag som den beste laurdagsunderhaldninga på TV.

– Eg veit ikkje om TV når heilt opp her eg, Stein, sa Volda-ordførar Sølvi Dimmen då ho overtok mikrofonen.

Dimmen kalla Musikalen 2023 for eit fyrverkeri, og skrytte av behandlinga temaet kjærleik fekk i løpet av forteljinga.

– Eg blir nesten litt mållaus. Stum av beundring. Eg blir rørt av talenta me ser på scena, av songen, musikken og dansen. Og av dei gode betraktningane de gjer, sa ho.

Musikalen er ein samproduksjon mellom linjene Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur. Til saman er 140 elevar med på scena og i kulissane på produksjonen.

– De lyftar fram akkurat det som er så viktig. Med enkeltprestasjonane, men ikkje minst fellesskapet som de viser her. Saman er ein alltid litt større, sa ordførar Dimmen.

Musikalen har to framsyningar til i Ørsta kulturhus tysdag kveld, før sirkuset flyttar til Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik. Der blir det to framsyningar torsdag kveld.

Eit viktig poeng i Musikalen 2023 er brubygging mellom folk og grupper, noko Volda-ordføraren hadde fått med seg.

– De byggjer bruer. Mellom dykk som syng og dansar, mellom alle som er med på Musikalen, mellom elevar og lærarar, mellom dykk og publikum, og mellom oss som publikum. Me har fått ei oppleving i lag, noko me kan snakke om. Det er viktig å ha fellesskapsopplevingar, sa ei begeistra Sølvi Dimmen.

Framsyningar

Prisar

Pris vaksne (frå 16 år): kr. 360,- *
Pris born (til og med 15 år): kr. 200,- *

* Påslag knytt til billett- og seteavgifter på kulturhusa kjem i tillegg. For Ørsta Kulturhus er dette eit påslag på 25 kroner, for Sjøborg kulturhus er dette eit påslag på 20 kroner.

Følg oss på sosiale medium!