17 kjolar på timeplanen

Posta

under

Kostymene er ein viktig del av musikalen, og er ein jobb som må gjerast på nytt kvart år. Ein del av denne jobben har elevar frå Kunst, design og arkitektur (KDA) fått ansvar for. Dei skal sy kjolar for jentene som går tredje året på Musikk, dans og drama (MU).

Tekst: Vilde Emilie Strand Djupvik
Foto: Vilde Emilie Strand Djupvik og Åge André Breivik

– Vi skal først lage ein prøvekjole, og etter det skal vi lage 17 kjolar, seier Hanna Emilie Bakkely, som går i 3KDA.

Elevane skal jobbe seg gjennom heile produkjonsprosessen der dei startar med å lage skisser, finne det stoffet dei treng, lage ein mal, tilpasse storleiken til måla, og først då kan dei begynne å klippe stoffet og sy kjolane.

– Det varierer veldig med kven som har syerfaring frå fritida. Vi har sett på videoar og vi lærer ganske fort, fortel Giselle Zoe Sefu frå 2KDA.

Fordelar arbeidet

Elevane er delt inn i arbeidsgrupper på 4-5 elevar som samarbeidar om å lage kjolane. På grunn av alle stega som er med i denne prosessen, fortel Amalie Flø i 2KDA at dei fordeler arbeidet innad gruppa

 -Vi deler oss inn slik at nokon syr, nokon klipper, nokon teiknar på stoffet og nokon stryk stoffet, seier ho.

Fargerik palett

Kjolane dei lagar skal vere fargerike og ha litt 60-talsstil. Elevane har fått ein fargepalett som dei vel fargar utifrå, slik at alle fargane på kjolane passar ilag. Dei kan ha eit mønster eller motiv på seg som dei sjølve har fått lov til å designe, men før dei har mønster eller motiv på kjolane får jentene frå MU komme å sjå om dei likar designet.

Fargane er valgt utifrå ein palett som gjer at alle kjolane harmonerer med kvarandre.

– Vi er godt fornøgde med arbeidet så langt, og gler oss til å sjå kjolane i bruk på scena, fortel elevane.

Framsyningar

Prisar

Pris vaksne (frå 16 år): kr. 360,- *
Pris born (til og med 15 år): kr. 200,- *

* Påslag knytt til billett- og seteavgifter på kulturhusa kjem i tillegg. For Ørsta Kulturhus er dette eit påslag på 25 kroner, for Sjøborg kulturhus er dette eit påslag på 20 kroner.

Følg oss på sosiale medium!