Tekst og foto: Susanne Sætre, 2MK |
Alvhild (18) frå Sandsøya i Sande går sitt tredje år på musikklinja i Volda. Etter musikkvideoprosjekt i pandemiåret og kordeltaking i fjorårets musikal ville ho i år ha ei forandring og bestemte seg for å prøve seg på audition.
– Og så fekk eg ei rolle då, fortel Alvhild.
Alltid vore interessert i musikk
Alvhild blir skildra som ei blid og positiv jente av dei rundt seg. Ho har stort musikalsk engasjement. Når ho får spørsmål om kor lenge ho har vore interessert i musikk svarer ho:
– Kor klisjé er det her, men heile livet mitt.
Ho fortel vidare at ho begynte med piano på kulturskulen i andre klasse.
– Eg har alltid hatt søsken og familie som er veldig glad i musikk, så det har liksom berre vore naturlig.
Då ho skulle velge vidaregåande visste ikkje ho heilt kva ho ville, men tenkte at musikk verka gøy så det blei berre ein bonus.
Arbeid som UKM arrangør
Alvhild er også aktiv i lokalsamfunnet. Første gang ho meldte seg på UKM (Ungdommens kulturmønstring) var via kulturskulen, der ho spelte piano til eit par songar. Seinare blei ho med i ungdomsrådet som arrangør og har vore med å arrangere UKM i 5-6 år no.
– Eg synest det er gøy å ha litt kontroll, seier ho og smiler.
I fjor blei ho med i ungdommens fylkesarrangør og er no med på å arrangere fylket si UKM.
– Det er veldig kjekt og der er masse kjekke folk.
Ho synest det er gøy å vite korleis ting fungerer, lage planar og ha oversikt. Det er ei erfaring som er fin å ha med seg inn i musikalprosjektet.
Rolla som Live i musikalen
Karakteren til Alvhild i musikalen heiter Live. Live er 19-20 år og studerer til å bli norsklærar. Ho er veldig engasjert i studiene sine og synest det er veldig gøy. Ho har også gode vener som ho er veldig glad i, samtidig som ho plagar dei litt med entusiasmen for norskstudiene sine.
– Ho er nok også litt beskjeden, litt sjenert og tør ikkje heilt å vise seg fram.
Rolla omhandlar mykje vennskapet mellom ho og bestevenninna Julie, og korleis ho blir meir utadvent i det vennskapet.
Gler seg til å få med førsteklassingane
– Eg trur det blir veldig kjekt å prøve å få med førsteklassingane, seier Alvhild om kva ho gler seg mest til med musikalen.
Ho ser særleg fram til å sjå kva dei synest, og å vere i lag med andre elevar i øvingshelgene.
– Ein blir liksom mykje bedre kjent med ein gong.
Er veldig spent på musikalen
Alvhild gler seg til å sjå folk sine reaksjonar på framsyningane.
– Kanskje har ikkje folk så store forventningar til ein gjeng skulelevar? undrar ho.
Musikalen har mange roller og ho er veldig spent på korleis dei skal få fram kvar rolle når det er så lite tid på kvar av dei. Men ho trur det blir veldig bra og ho synest alle er veldig flinke i år. Ho fortel at bandet er veldig dyktig og at ting har gått veldig bra i koret.
– Det er veldig gøy å imponere folk. Eg gler meg!