Framheva, Nyhende, Video

Siste Musikal-TV-sending frå kulturhuset

Med medelevar og lærarar i salen losa Mona Våge oss gjennom siste sending av Musikal-TV for i år.

Programleiar: Mona Våge
Kamera: Robin Skar Leikanger, Rebecca Haugen Vikene og William Gravdal
Miks: Sigurd Meek Aaslid

Siste sending av Musikal-TV vart spelt inn på scena i kulturhuset dagen etter premieren på Askeladden.dotcom

Med seg på scena hadde Mona tre av hovudrollene i Musikalen 2020. Marius Osborg spelar Askeladden, Ingeborg Frøland Ryste spelar Raudhette og Thea Frekøy Skeide spelar Veslefrikk.

I tillegg var også regissør Marit Lid Skorstad gjest i sofaen hjå programleiar Mona Våge.

Du kan sjå dei tidlegare sendingane av Musikal-TV her:

Følg oss på Instagram og Facebook for å få med deg siste oppdateringar om Musikalen 2020. Billettar finn du på Ørsta kulturhus sine nettsider. Det er få billettar att til fleire av framsyningane.