Rektor Trond Hjelseth er klar for siste gjennomkøyringa før premieredagen for «Cry Wolf». Foto: Åge André Breivik

 

Dagen før dagen var rektor Trond Hjelseth på Volda vidaregåande skule til stades for å sjå på gjennomgangen av musikalen. Det var han godt nøgd med.

Tekst: Brian Dale

Rektor Trond Hjelseth godt nøgd etter å ha sett musikalen. Foto: Brian Dale

– Eg synest dette verkar veldig spanande, A-ha er ein musikktype eg likar veldig godt, og som var veldig stort når eg var yngre. Eg er også veldig imponert over fleksibiliteten i skodespelet, seier rektor Trond Hjelseth.

Det står likevel ein dag att før premieren på musikalen “Cry Wolf”, og litt øving står att. Rektor Trond Hjelseth trur det gjer godt.

–  Det er jo alltid mykje spenning før ein musikal, og kanskje ekstra no som det har vore ein del sjukdom i musikklina. Men eg trur musikalen ligg godt i rute, ut i frå mi vurdering i alle fall, legg han til.

A-ha har hatt ei rekke store låter, og det gledde rektor Trond å sjå att sine favorittlåter. 

– Det å sjå att «Sun Always Shine On TV» og «Cry Wolf» var heilt fantastisk for meg. Eg kjende nakkehåra reise seg under dei songane. Det gleda meg stort. I tillegg gler det meg å sjå at så mange deltek på musikalen, og deltek i arbeidet til musikalen, avsluttar han.

Musikalen «Cry Wolf» har premiere på Ørsta kulturhus 13. februar. Du kan kjøpe billettar på nettsidene til kulturhuset. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram.