Pia Rogne Notøy fotograferer til programheftet. Foto: Brian Dale

21. januar var det photoshoot på Volda vidaregåande. Elevar frå Medium og Kommunikasjon fotograferte elevar frå musikklina. Bileta ser du i programheftet til «Cry Wolf».

Tekst: Brian Dale

–  Eg vil seie med veldig godt fornøgd med resultatet, seier Elisabeth Steinnes fra 2MK1. Ho var ein av fotografane under fotograferinga til programheftet.

 – Vi tok bilete til programheftet, og behandla bileta. Vi fjerna skuggar og redigerte, seier ho.

Elisabeth Steinnes frå 2MK1 synes det er utruleg kjekt å være med på musikalen. Foto: Pia Rogne Notøy

 – Det funkar godt, og vart god kvalitet. Det absolutt kjekkaste var å vere i studio, og å redigere bilde, i staden for teori og sitje på skulebenken, legg ho til.

Programheftet blir delt ut til alle som kjem for å sjå musikalen på Ørsta kulturhus neste veke. Om lag 300 personar per framsyning får dermed utdelt bileta som Elisabeth tok saman med kollega Pia Rogne Notøy.

 – Framover skal eg redigere ferdig bilde, gå gjennom og lage eit galleri av dei. Også skal  nokre til programhefte. Eg synes det er veldig kjekt, og gler meg til meir, avsluttar Elisabeth.

Dei neste dagane vil musikkelevane vere opptekne med mykje øvingar i innspurten. Følg med her på nettsida for fleire oppdateringer.

Musikalen «Cry Wolf» har premiere på Ørsta kulturhus 13. februar. Du kan kjøpe billettar på nettsidene til kulturhuset. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram.