Categories
Nyhende

Samla bankstøtte til «Life, actually»

– Me skal bidra til at det blir betre å bu og verke på søre Sunnmøre, og dette er eitt av dei arrangementa som bidreg til det, altså, seier Arne Lothe i  Sparebank 1 Søre Sunnmøre om støtta dei gir til Musikalen. Fredag møtte dei tre hovudsponsorane elevane i prosjektet.

Tekst og foto: Åge André Breivik, fagkoordinator Medium og kommunikasjon

Musikalen sitt 25-årsjubileum blir støtta av dei lokale bankane, og fredag møtte representar frå Sparebanken Vest, Sparebanken Møre og Sparebank 1 Søre Sunnmøre elevane som er med i «Life, Actually».

– Me har vore med å støtte Musikalen i mange år, og synst for det fyrste det er ufatteleg kjekt at Volda klarer å få på plass ein musikal med så høg kvalitet og så mange involverte. Så det er eit kjempeløft, seier banksjef Mette Ryste, i Sparebanken Møre.

Prosjektet har hatt eit års pause på grunn av koronapandemien. Musikalen 2020 var akkurat komen i mål då landet stengte ned 12. mars. Fjorårets utgåve let seg ikkje gjennomføre, og elevane fekk då vere med på ei alternativ løysing med musikkvideoproduksjon i staden.

No skal elevane endeleg få kome seg på scena att.

– Eg har budd i Volda i ti år, og dette arrangementet har eg lagt merke til kvart einaste år. Banken er ganske ny i Volda, og då er det heilt naturleg for oss å støtte eit arrangement som dette, med nokre heilt utrulege kvalitetar på eitt og same arrangement. Dette er det heilt naturleg for oss å vere med å støtte, seier rådgjevar Frank Vatne i Sparebanken Vest.

Måndag 14. februar er det tid for premiere på musikalen som feirer livet og dei kjenslene me møter på. Med to framsyningar måndag, tysdag og onsdag, skal lokalsamfunnet få sjå kva dei tre kreative linjene ved Volda vidaregåande skule har fått til.

– Utan denne støtta frå dei lokale bankane kunne me ikkje gjennomført eit prosjekt på dette nivået, seier musikalprodusent Jan Terje Eidset.

Han er avdelingsleiar for dei tre linjene, og ser viktigheita av støtte frå lokalt næringsliv.

Frå idrettsbane til kulturscene. I løpet av helga skal Volda Campus Sparebank 1 Arena vere klar til å ta i mot publikum som skal sjå «Life, Actually». Fredag starta ombygginga. Foto: Åge André Breivik.

– Det er eit utruleg godt tiltak for Volda og Ørsta. Det som Musikalen har gjort gjennom mange år. Dei er utruleg flinke, og det er veldig kjekt å kunne støtte eit så positivt arrangement. Det er veldig gøy å sjå kor flinke elevane er kvart år, seier Arne Lothe i Sparebank 1 søre Sunnmøre.

Han legg til at for dei er det også viktig å sjå det profesjonelle apparatet rundt, og at musikalen i år skal vere i hallen som ber banken sitt namn.

– Det blir spennande å sjå i nyearenaen på Volda Campus Sparebank 1 Arena, der blir det endå meir profesjonalisert, med endå fleire som kan kome å sjå desse flotte framsyningane, seier Lothe.

Dei andre bankrepresentantane er heilt einige, og ser for seg at ein skal vere med å støtte prosjektet også i åra som kjem.

– Eg håper at eg får vere med på 50 også eg, altså. Eg håper at dette er noko som kan halde fram, og som ein kan finne midlar til å få til. Det håper eg at også kommune og fylkeskommune ser kor viktig dette er, seier Ryste i Sparebanken Møre.

Billettar til framsyningane kan du kjøpe her: