Categories
Nyhende Video

MusikalTV – Episode 1

Elevar i 3MK formidlar stemninga før, under og etter årets musikaleventyr.

Laga av: Agate Kvalsund, Ine Brandal, Daniella Chimzulumoke Ogbazi, Marielle Liadal Ortiz og Tuva Mårstøl

P.S. Du kan sjå tidlegare MusikalTV-sendingar og stemningsrapportar i arkivet.

Categories
Nyhende

Lærarar mimrar attende til førre jubileumsmusikal

Foto: Vegard Thorheim Skarmyr

I 2015 feira musikklinja 20 år, og gjennomførte i den samanheng ein musikal litt utanom det vanlege. Be Our Guest var ein kavalkade av «hits» frå alle dei tidlegare musikalane. Me samla eit knippe lærarar på lærarrommet for å mimre attende til jubileet gjennom ulike biletgalleri.

– Vi har aldri hatt så stort orkester før, seier Gunnar Aurdal. Han var kapellmeister også i 2015. Foto: Stephanie Dimmen.

Fyrste biletgalleri ut var frå orkestergrava. Ofte er orkesteret skjult bak scenetepper og scenografi, men dette året var det eit viktig poeng å synleggjere orkesteret godt.

– Det er ein klassikar som går att heile tida det, seier Øyvind Granden Berg om det faktum at publikum ofte trur musikken er playback.

– Sånn sett var det eit lurt år å «køyre fullt ut», konkluderer Gunnar, som meiner orkesterjobben det året var ekstra god. Det låg nemleg knallhardt arbeid bak, med mange komplekse låtar og 13 musikarar i dei små musikkbingane der materialet vart øvd inn. Gunnar minnast at tilbakemeldingane frå publikum var særs positive, og mange meinte det var ekstra kjekt å kunne følgje med også på orkesteret.

«Det er total breakdown blanda med euforisk lukke»

– Hildur
* Sterke kjensler i sving etter siste framsyning, særleg for avgongselevane. Foto: Eline Korsnes Sundal.

I 2015 var det lov å gi kvarandre klemmar, og det mangla ikkje på det bak sceneteppet etter siste framsyning.

– Det er total breakdown blanda med euforisk lukke, seier Hildur Sandstad Dalen om korleis desse sekvensane plar vere.

– Ekstremt sterkt, litt som å avslutte folkehøgskule. Alle har vore så tett på kvarandre og jobba så ekstremt hardt, så kjem framsyningane og alle dei lause trådane frå øvingsperioden berre «klikkar» på plass og alle leverer, held Hildur fram.

– Eg hugsar frå sluttrapporten til ein elev etter Hello/Goodbye i 2011. Ho skreiv at ho grein heile vegen gjennom Eiksundtunnellen, på veg heim etter siste framsyning. Fortel Håvard Krøvel-Velle, og utdjupar at eleven ikkje ville ha vinterferie – ho ville ikkje at musikalen skulle vere over.

– Det er no ein del av det profesjonelle livet å få ein smak på korleis det er å ta farvel med slike prosjekt også, seier Gunnar.

Hildur følgjer opp med å påpeike at det for tredjeklassingane er noko som truleg skjer for siste gong i livet, og at det difor vert ei ekstra sterk oppleving for desse.

* Med kostyme frå operaen i Nordfjordeid vart Be Our Guest ekstra spenstig og fargerik. Foto: Anette Vågane Sunnarvik.

– Det er no ein enorm produksjon, med ekstremt mange folk i sving både på og bak scena, seier Åge André Breivik medan me ser på bilete frå framsyninga i Ulsteinvik.

– Så både for aktørar og publikum vert det som at ein ballong sprekk når sceneteppet går att og det heile er over, held han fram.

– Noko av det eg hugsar med Be Our Guest var at det også var eit så stort mangfald i musikken, seier Stein Henrik Vartdal, stamgjest i orkestergrava.

– Det var no alle slags sjangrar, som så klart var ei utfordring. Eigentleg var heile sceneuttrykket variert, og det å tilpasse seg kvar låt og nerven i dei ulike scenene var utfordrande, er Stein Henrik og makker Gunnar einige om.

Lærarane frå musikk- og medielinja kunne ha mimra i timevis, men etter ein halvtime måtte me alle springe til time. I videoen nedanfor er dei tredve minutta komprimert til tredve sekund.

Du kan sjå alle biletgalleria frå 2015, og elles mimre heilt attende til 2005 i arkivet vårt.

Categories
Nyhende

Opnar for full sal

– No opnar regjeringa for at me kan ha full sal, seier musikalprodusent Jan Terje Eidset. Med mindre restriksjonar for innandørs arrangement opnar det for full sal under musikaljubileet «Life, Actually».

14. februar står elevane ved dei kreative linjene klare for premiere på jubileumsframsyninga «Life, Actually». Etter månader med usikkerheit knytt til talet på publikum, kom endeleg regjeringa med nye og lettare tiltak 1. februar.

– No opnar me for barnebillettar, slik me har gjort siste åra, seier produsent Eidset. Dette var det vanskeleg å opne for med dei restriksjonane som låg på innandørs arrangement fram til i dag.

Musikalen 2022 er eit dobbelt jubileum, både 25-årsjubileet til musikalprosjektet og 20-årsjubileet til Medium og kommunikasjon. No blir det plass for endå fleire å vere med på feiringa.

– Me gler oss veldig til å vise fram det me har jobba med, og gler oss over at me no får inn endå fleire i salen, seier Eidset.

Billettane til «Life, Actually» ligg ute på nettsidene til Volda Campus Sparebank1 Arena. Prisen er 320,- per vaksen og 200,- per barn. Du finn lenker nedst på sida.

Musikalen har premiere 14. februar, og avsluttar onsdag 16. februar.

Direktelenkjer til billettane (nettsidene til Volda Campus Arena):

MERK: Barnebillettar vil bli tilgjengelege i løpet av kvelden 1. februar.

Categories
Nyhende

Billettane er klare for sal!

No kan du endeleg sikre deg billettar til vinterens store kulturelle høgdepunkt! Bli med til Volda Campus Arena og opplev musikalshowet frå Volda vidaregåande skule; Life, actually.

Sidan 1997 har Volda vgs servert eit begeistra publikum mange musikalske perler og lokale ungdomstalent. No, 25 år seinare – og etter kulturfattige koronaår, ser vi endeleg fram til å vise dykk årets jubileumsproduksjon. 

Life, actually er inspirert av opplevingar frå lærarar og elevar ved dei kreative linjene ved Volda vgs, og viser eit utsnitt av alle dei ulike kjenslene vi møter gjennom livet. Dette blir ei stemningsfylt oppleving, visualisert gjennom musikk, film, dans, kulisser og mykje meir. Ei feiring av livet, faktisk. 

Musikalprosjektet er eit samarbeid mellom dei tre kreative linjene ved Volda vgs, og du vil møte mange ulike uttrykk av skapt av elevane ved Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur. 

På nettsidene til Volda Campus Arena vil du finne billettar til alle dei seks framsyningane. Premieredatoen er 14.februar, med to framsyningar denne kvelden. Vidare følgjer to framsyningar tysdag og to onsdag. Dette vil du ikkje gå glipp av!

Direktelenkjer til billettane (nettsidene til Volda Campus Arena):