Categories
Nyhende

Lærarar mimrar attende til førre jubileumsmusikal

Foto: Vegard Thorheim Skarmyr

I 2015 feira musikklinja 20 år, og gjennomførte i den samanheng ein musikal litt utanom det vanlege. Be Our Guest var ein kavalkade av «hits» frå alle dei tidlegare musikalane. Me samla eit knippe lærarar på lærarrommet for å mimre attende til jubileet gjennom ulike biletgalleri.

– Vi har aldri hatt så stort orkester før, seier Gunnar Aurdal. Han var kapellmeister også i 2015. Foto: Stephanie Dimmen.

Fyrste biletgalleri ut var frå orkestergrava. Ofte er orkesteret skjult bak scenetepper og scenografi, men dette året var det eit viktig poeng å synleggjere orkesteret godt.

– Det er ein klassikar som går att heile tida det, seier Øyvind Granden Berg om det faktum at publikum ofte trur musikken er playback.

– Sånn sett var det eit lurt år å «køyre fullt ut», konkluderer Gunnar, som meiner orkesterjobben det året var ekstra god. Det låg nemleg knallhardt arbeid bak, med mange komplekse låtar og 13 musikarar i dei små musikkbingane der materialet vart øvd inn. Gunnar minnast at tilbakemeldingane frå publikum var særs positive, og mange meinte det var ekstra kjekt å kunne følgje med også på orkesteret.

«Det er total breakdown blanda med euforisk lukke»

– Hildur
* Sterke kjensler i sving etter siste framsyning, særleg for avgongselevane. Foto: Eline Korsnes Sundal.

I 2015 var det lov å gi kvarandre klemmar, og det mangla ikkje på det bak sceneteppet etter siste framsyning.

– Det er total breakdown blanda med euforisk lukke, seier Hildur Sandstad Dalen om korleis desse sekvensane plar vere.

– Ekstremt sterkt, litt som å avslutte folkehøgskule. Alle har vore så tett på kvarandre og jobba så ekstremt hardt, så kjem framsyningane og alle dei lause trådane frå øvingsperioden berre «klikkar» på plass og alle leverer, held Hildur fram.

– Eg hugsar frå sluttrapporten til ein elev etter Hello/Goodbye i 2011. Ho skreiv at ho grein heile vegen gjennom Eiksundtunnellen, på veg heim etter siste framsyning. Fortel Håvard Krøvel-Velle, og utdjupar at eleven ikkje ville ha vinterferie – ho ville ikkje at musikalen skulle vere over.

– Det er no ein del av det profesjonelle livet å få ein smak på korleis det er å ta farvel med slike prosjekt også, seier Gunnar.

Hildur følgjer opp med å påpeike at det for tredjeklassingane er noko som truleg skjer for siste gong i livet, og at det difor vert ei ekstra sterk oppleving for desse.

* Med kostyme frå operaen i Nordfjordeid vart Be Our Guest ekstra spenstig og fargerik. Foto: Anette Vågane Sunnarvik.

– Det er no ein enorm produksjon, med ekstremt mange folk i sving både på og bak scena, seier Åge André Breivik medan me ser på bilete frå framsyninga i Ulsteinvik.

– Så både for aktørar og publikum vert det som at ein ballong sprekk når sceneteppet går att og det heile er over, held han fram.

– Noko av det eg hugsar med Be Our Guest var at det også var eit så stort mangfald i musikken, seier Stein Henrik Vartdal, stamgjest i orkestergrava.

– Det var no alle slags sjangrar, som så klart var ei utfordring. Eigentleg var heile sceneuttrykket variert, og det å tilpasse seg kvar låt og nerven i dei ulike scenene var utfordrande, er Stein Henrik og makker Gunnar einige om.

Lærarane frå musikk- og medielinja kunne ha mimra i timevis, men etter ein halvtime måtte me alle springe til time. I videoen nedanfor er dei tredve minutta komprimert til tredve sekund.

Du kan sjå alle biletgalleria frå 2015, og elles mimre heilt attende til 2005 i arkivet vårt.