Nyhende

Tusenkunstnaren

Ein av veteranane i musikalprosjektet er multitalentet Håvard Krøvel-Velle. Han underviser på studieretninga Medium og Kommunikasjon. Under framsyningane finn du han heilt bakerst i salen der han saman med eit par elevar trykker på knappar og kallar fram dei digitale kulissene.

Tekst og foto: Sondre Vikene

FRAMSIDEBILETE: Håvard Krøvel-Velle er tusenkunstnaren som har ansvar for dei digitale kulissene. Foto: Sondre Vikene

Kva er oppgåva til linja du underviser?

– Eg er ansvarleg for gruppa vi kallar Grafisk Design. Dei elevane har ansvar for å lage logo, plakatar, programblad og digitale kulisser. Kulissene og dei visuelle effektene er med på å gi musikalen showfaktor. Det er mykje arbeid å få på plass den siste finishen før premiera. Dei digitale kulissene må tilpassast dei fysiske kulissene på scena, og det må skje etter vi har installert oss på Kulturhuset. Då blir det lite søvn før framsyningane er fullført, fortel Håvard.

SJÅ OGSÅ: Kulissene som tek deg gjennom tid og rom

I tillegg til arbeidet Håvard har ansvaret for, er der også MK-elevar i sving med fleirkameraproduksjon av framsyninga, ein redaksjon som publiserer stoff om musikalen og fotografar som dokumenterer og lagar dokumentarfilm om musikalprosjektet.

Kva ser du fram til med musikalen?

– Eg ser fram til premiera for å sjå dei ferdigstilte digitale kulissene i aksjon, og MK-elevane sitt arbeid live på scena. Jobben vår er å sørge for ei saumlaus framsyning og det er veldig kjekt og sjå at vi har klart det, svarer Håvard.

Kor tid starta ditt arbeid med musikalen?

– Eg har vore med på musikalprosjektet sida 2004. 2008 var første året vi tok i bruk digitale kulisser, den gong i form av musikkvideo. Kulissene slik vi lagar dei no, har vi gjort i ca 10 år. Eg meiner musikalen hadde vore mykje fattigare utan MK sitt bidrag.

Håvard fortel at regissør og produsent Jan Terje Eidset gjerne kjem med nye ønske undervegs i prosessen som ikkje alltid er like lett å gjennomføre.

-Men vi lar ikkje ein god idé vere uprøvd, og gir oss ikkje før vi finn ei løysing. Vi elskar utfordringar, avsluttar Håvard.