Nyhende

Sjustjerna-samarbeid ved Volda vidaregåande skule

Ved Volda vidaregåande skule har elevar frå heile søre Sunnmøre sjans til å leve ut sine kreative sider. Hit kjem bygdeungdom for å utøve blant anna musikk, kunst og kommunikasjon. 

Tekst: Rebecca Haugen Vikene // Foto: Andreas Myhre Holen

FRAMSIDEBILETE: Petrine Ystebakk Sjåstad er elev i 2.klasse ved Kunst, design og arkitektur ved Volda vgs. I år deltek ho i det store musikalprosjektet ved skulen. Foto: Andreas Myhre Holen.

Denne saka var publisert i Synste Møre torsdag 13.feb.

Årets musikal Askeladden.dotcom er eit samarbeidsprosjekt mellom studieretningane Musikk dans og drama (MU), Medium og kommunikasjon (MK) og Kunst, design og arkitektur (KDA). Det er heile 115 elevar med på musikalen.

– Det er litt krevande fordi det er mykje som må bli ferdig før premiera. Men det er interessant, veldig koselig og elevane er flinke til å inkludere kvarandre, smiler Vanylvsjenta Petrine Ystebakk Sjåstad (17). Ho er for tida andreårs-elev på KDA, og synes det er stas å få vere med på eit slikt stort tverrfagleg prosjekt der elevane får bruke kreativiteten sin.

-Dette er nytt, spennande og veldig gøy!

Plakaten til årets musikal, Askeladden.dotcom, er laga av MK-elevar Ana Sefer og Eirin Lødøen, og KDA-elev Petrine Ystebakk Sjåstad.

Elevar frå heile sjustjerna

Dei fleste som fylgjer med i nyheitene har fått med seg at fylkespolitikarar i haust ville kutte ned på elevtilbodet i kreative og praktisk-estetiske fag. Heldigvis ser det ut til at dei ulike utdanningsprogramma i Volda er redda.  Til desse linjene kjem det ungdommar frå alle dei sju kommunane i sjustjerna på søre Sunnmøre. Mange av desse bur på hybel.

– Hybellivet kan vere litt slitsomt fordi ingen lagar middag og ryddar etter meg, men eg synest det er kjekt i Volda og her er mange kjekke folk, fortel Petrine.

Larsnes i Sande kommune er også ein lang pendletur frå Volda, derfor tok Elisabeth Skoge (18) samme valet som vanylvingen ved å flytte på hybel.

– Det var ganske slitsomt å pendle det første året eg var elev i Volda, eg fekk mindre tid til fritid og skulearbeid. Etter at eg flytta på hybel har eg vore mykje meir opplagt til skule.

Elisabeth er tredjeårs-elev på musikklinja. Ho tykkjer det er eit veldig fint skulemiljø i Volda.

Det er kjekt å gå i Volda, folka som går her er veldig inkluderande. Skulen er god og lærarane er veldig flinke. Det merkast at elevane trivast, seier Elisabeth.

Går fint å pendle

Victoria Myklebust (17) frå Ulsteinvik er enig. Ho tykkjer Volda har eit veldig godt skulemiljø, og likar seg godt på andre trinnet ved MK.  

-Eg syns det er veldig kjekt å gå i Volda og det er kjekt å komme seg litt heimefrå. Pendlinga er ikkje utfordrande for meg. Etter at eg set meg på bussen kan eg slappe av til eg er framme! fortel Victoria.

Ulsteinjenta tykkjer det er veldig kjekt å gå Medium og kommunikasjon der ho lærer mykje og er rundt kjekke folk.

– No når vi jobbar med musikalen er det ein litt annleis skulekvardag. Det er veldig kjekt å jobbe fram noko som vi snart får sjå resultatet av, avsluttar ho.