– Eg skulle ønske me fekk vere med neste år også, seier KDA-elev Emilie Myrene Stokke. Høyr meir i andre episode av musikalpodcasten!
Opptak og redigering: Sofie Frantsen og Rebecca Haugen Vikene
I denne episoden høyrer du programleiar Sofie Frantsen snakke med KDA-elev Emilie Myrene Stokke. Ho går Kunst, Design og Arkitektur, og fortel kva deira klasse bidreg med på Musikalen 2020.
Høyr også intervjuet med KDA-lærar Yngvil Birkeland, som er med på ein ny måte i musikalprosjektet.
Musikalen 2020 har premiere 11. februar, og har framsyningar dagane etter. Du finn billettar til musikalen på Ørsta kulturhus sine nettsider.