Nyhende, Podkast

Musikalpodden – episode 1

Foto: Åge Andre Breivik

Framsidebilete: Sofie Frantsen og Rebecca Vikene i 2MK er programleiarar for Musikalpodden 2020. Foto: Åge Andre Breivik

Vil du ha med deg meir musikalstoff på farten? Lytt til Musikalpodden for jamlege oppdateringar om laust og fast under musikalperioden.

Sofie Frantsen og Rebecca Vikene i 2MK vil i løpet av dei neste vekene ta med lyttarane rundt til dei ulike studieretningane som deltek på musikalprosjektet.

I første episode får du høyre litt om årets musikal Askeladden.dotcom, og du får treffe KDA-elev Petrine Ystebakk Sjåstad og kordirigent Siv K. Aurdal.

LES OGSÅ: Musikal-TV er her!