Musikalen 2019 er over, følg med for oppdateringar om neste kapittel.

Eventyret er over for i år, følg oss på Facebook, Instagram og på musikalen.no for å få med deg oppdateringar om neste års musikal.

58 nettsideinnlegg er publiserte om årets musikal, frå det fyrste innlegget kom 23. januar. Då stilte regissør og produsent Jan Terje spørsmålet: – Noterer de?

Rundt 100 elevar og 15 lærarar er med på musikalprosjektet. Mellom elevane finn du Johannes med gitarsoloen sin, Kamilla og Mari som var programleiarar for Musikal-TV, og Khaled, som tok med erfaringa som Benjamin Kanin inn i spøkelsesjegerrolla.

I kulissene er det mange lærarar, som mannen med alle hattane, Jan Terje, Kjetil som framleis ikkje har sett ein Volda-musikal og Hildur som snakkar varmt om koroppvarming.

Du finn alle innlegga ved å klikke deg rundt på Musikalen.no. Facebook-sida vår finn du her, og på Instagram kan du følgje musikalenvoldavgs.

Takk for følgjet i år, både til publikum og våre støttespelarar. Sjåast neste år!