West Side Story var den fyrste musikalen sett opp på Volda vidaregåande. I kjellaren på skulen heng plakatane på rekkje og rad. Foto: Åge André Breivik.

Frå kulisser og lys frå heimar til elevar og lærarar, til ein kjempeproduksjon på Ørsta kulturhus. Les om historia til Musikalen ved Volda vidaregåande skule her.

Tekst: Madeleine Vatne Viddal

I musikalens spede byrjing sto framsyninga av «West side story» på den vesle scena i Volda samfunnshus, der ein brukte det ein hadde heime som kulisser og lys. Deretter har det vore ei rivande utvikling fram til årets storproduksjon av «Back to the future – for the world’s sake» i storsalen på Ørsta kulturhus.

LES OGSÅ: 23 år bak scena

Hildur Sandstad Dalen er den som har jobba lengst på musikklinja. Foto: Madeleine Vatne Viddal.

Sjarmerande og veldig kjekt

Hildur Sandstad Dalen har jobba på skulen sidan musikklinja blei stifta i 1995. I 1997 sette dei opp musikalen «West side story». Dette var starten på det vi i dag kjenner som storproduksjonen og merkevara «Musikalen».

– Vi hadde Volda samfunnshus den gongen. Det var sjarmerande og veldig kjekt. Vi gjorde det så proft som vi var i stand til den gongen også, men sidan har det har vore ei enorm utvikling, fortel Hildur.

Håvard Krøvel-Velle har ansvar for digitale kulisser, dette krev konsentrasjon. Foto: Madeleine Vatne Viddal.

Kulisser på digitalt vis

Håvard Krøvel-Velle er lærar ved Medium- og kommunikasjonslinja og har ansvaret for dei digitale kulissene under musikalen.

– Det er veldig praktisk å ikkje ha masse ting på scena, og bakgrunnar som ein slepp å drage inn og ut, men heller sitte å styre dei digitalt, fortel han.

Han legg til at han er veldig glad i fysiske kulisser og rekvisittar, og årets musikal har ein fin miks mellom desse meiner Håvard.

Dei digitale kulissene som ein viktig del av musikalen er eit forholdsvis nytt fenomen. Musikalen «Moonwalker» i 2010 var første gongen digitale kulisser vart introdusert. Dette var ein måte ein kunne forsterke scenebiletet og opplevinga til publikum på.

Jan Terje Eidset har mange roller i årets musikal. Foto: Madeleine Vatne Viddal.

Har kontroll

Jan Terje Eidset er årets manusforfattar, regissør og produsent til musikalen «Back to the future – for the world’s sake.» Det er ingen tvil om at han har vore travelt opptatt denne vinteren. Men han fortel at ting har gått etter planen og at dei i år har klart å ligge litt i forkant.

– Dette er tross alt noko vi har gjort mange gongar før, seier han smilande.

LES OGSÅ: MANNEN MED ALLE HATTANE

Eit viktig tema

Å ha eit tema i sentrum er nytt for årets musikal. Der ein før har brukt å hatt ei historie i sentrum, er det i år erstatta med eit tema som omhandlar klimaendringar.

– Årets tema valde meg meir enn eg valde det, seier Jan Terje entusiastisk.

Det var heilt naturleg for han at dette var temaet for årets musikal. Både på grunn av merksemda og mediedekkinga av dette temaet i dag, men også at dei nye læreplanane har mykje med klimaendringar å gjere.

LES OGSÅ: Temaet vekkjer interesse

Det er ikkje til å leggje skjul på at temaet vekker interesse. Håvard er også veldig opptatt av miljøet. Han tykkjer at å nytte ein slik kanal til å få ut ein viktig bodskap kan vere kjempe effektivt og at det kan ha ein positiv effekt på folk. Hildur legg til at ho synest det er storarta at vi kan ha eit slik tema som er viktig for så mange, i staden for ein story som er viktig for færre.

Stor utvikling

Sidan den første framsyninga i Volda samfunnshus har det skjedd ei stor utvikling på fleire område. Medium- og kommunikasjonslinja blei starta opp i 2000 og vart også ein del av den stadig veksande merkevara «Musikalen». Dei første åra vart dei spurt om å lage plakat og å ta nokre bilete.

– No er det i snitt ei sak eller reportasje per dag i to veker som blir publisert på eiga nettside, musikalen.no. Så alt har blitt ganske mykje større og omfattande, seier Håvard begeistra.

Jan Terje legg heller ikkje skjul på at samarbeidet mellom Medium og kommunikasjon og Musikklinja er meir merkbar og viktig no.

– Det som har utvikla seg aller mest er samarbeidet vi har med Medium og kommunikasjonslinja. Der dei var meir på dokumentasjonssida før, er dei no meir knytt saman med både story, digitale kulisser og er mykje meir deltakande enn nokon gong, seier Jan Terje.

Sjølv om nivået og erfaringa til musikklærarane og elevane har auka med åra, er kanskje framleis den største forskjellen på då og no, teknologien som er involvert i produksjonen. Jiří Nagy som styrer lyset på scena i Ørsta Kulturhus og Sverre Walderhaug som held styr på heile 128 mikrofonar og lydkanalar er tydelege teikn på dette.

– Beste til no, skreiv Møre-Nytt dagen etter premieren på Musikalen 2019. Foto: Åge André Breivik.

God kritikk

«The best musikal, ever!» stod det i Mørenytt dagen etter premiera av «Back to the future – for the world’s sake.» Både avisene og publikum verka fornøgde med årets musikal. Den nye scenografien, temaet, den nydelige musikken og dei digitale kulissene har falle i smak. Med slike fine ord kan ein byrje å lure på korleis ein kan klare å toppe dette.

MEIR OM PREMIEREN: – Den beste produksjonen hittil! // – Dette var storslagent! // Vakkert, grasiøst, sjarmerande, dramatisk og tankevekkjande // Store ord frå æresgjestane

– Det står ofte i avisene om musikalen og korleis kan dei toppe dette, men det handlar ikkje om å toppe noko, men heller utvikle seg vidare å gjere noko annleis, fortel Håvard tryggande.