SMÅSJUK: Eg har vore litt små forkjølt no i den siste tida. Så før eg skal på scena må eg ut og hoste litt, fortel den smilande fyrsteklassingen Iver Fiskaa Ødegård. Foto: Mathilde Heggen Listou.

Sjølv etter 23 år med musikalsuksess av Volda vidaregåande skule, kjenner elevane på rutinar som må gjennomførast før dei går på scena.

TEKST OG FOTO: Mathilde Heggen Listou

I år var det 129 personar med på å lage musikalen “Back to the future – for the world’s sake” framfor og bak kulissene ved Ørsta kulturhus. Heile seks framsyningar var utsolgt og publikum kom spent, frå alle kantar av Sunnmøre.

Stemninga

Av dei 70 musikkelevane som framførte musikalen var det generelt god stemning. Men når klokka nærma seg framsyning, var det enkelte og tydelige stressmoment som oppstod. Men primadonnanykker var det lite å sjå av!

Fem minutt før artistane skulle på scena, blei dei stille og konsentrerte.

LES OGSÅ: Frå fersk til musikalsolo på fem år

Faste rutinar

Elevane hadde det travelt med å svare på spørmål til journalistar, før dei skulle opptre.

SPENNING: Karina er spent og gler seg til å opptre i kveldens framsyning. Foto: Mathilde Heggen Listou.

Men Karina Straume, som også går i andre klasse på musikklinja, kunne informere om at ho ikkje hadde andre tvangstankar enn at ho pusta djupt inn og berre slappa av.

LES OGSÅ: Lange dagar, men verdt det

Dei to blide fyrstegongs musikalartistane frå første klasse, Synnøve Foldal Vatne og Birte Tødenes kunne fortelle at dei hadde knekt koda på å takle nervane.

– Vi tenker gjennom når vi skal inn og ut av scena. Og så seier vi vårt eige Volda-rop: «VOLDA, VOLDA, VOLDA, HEY HEY HEY!» Til slutt sit eg og roper stille inni meg, smiler Synnøve.

STYLING: Synnøve (til venstre) krøller håret til Birte (til høgre). Foto: Mathilde Heggen Listou.