Madeleine og ein medelev er interessert i kva Håvard Krøvel-Velle seier. Han er lærar hjå Volda Vidaregåande og fungerar som ein mentor. Foto: Mathilde Heggen Listou.

Det seier Madeleine Vatne Viddal, etterfulgt av ein nervøs latter. Ho har i år fått ansvar for gruppa som skal produsere digitale kulisser til musikalen.

TEKST: Ida Amalea Furseth

Ho har lenge vore interessert i animasjon og grafikk, så dette er ein jobb midt i blinken for ho.

– Men, eg reknar med det går bra, seier ho med eit smil.

Madeleine Vatne Viddal er 17 år. Ho kjem frå Ørsta, eller nærmare sagt – Vatne. Ho valde å gå medium og kommunikasjon hos Volda Vidaregåande for å gjere ting som dette.

Madeleine syns det er særs kjekt å arbeide med digitale kulisser. Foto: Ida Amalea Furseth

– Eg såg mange andre som lagde kunst, både på papir og digitalt. Då fekk eg lyst å prøve sjølv, og oppdaga kor kjekt det var. Interessa vaks voldsomt, fortel ho.

Det ho likar med digitale kulisser er at det skapar ekstra dimensjonar framme på scena. Ein har moglegheit å utrykkje seg kreativt. Det er ikkje naudsynt å ha konkrete produkt, men heller litt meir abstrakte. Der er til dømes ei scene som foregår ein kald plass. Då har Madeleine fått i oppgåve å skape kjensla av kulde. Då skal ho bruke blå nyansar, kalde fargar, snøkrystallar og andre element.

– Å jobbe med digitale kulisser er krevjande. Det er mykje meir jobb enn ein skulle tru, kan Madeleine forsikre meg om.

– Eg såg mange andre som lagde kunst, både på papir og digitalt. Då fekk eg lyst å prøve sjølv, og oppdaga kor kjekt det var.

Madeleine Vatne Viddal

Det ligg mykje arbeid bak

– Når ein ser eit produkt nokon andre har laga, tenkjer ein ofte ikkje over alt arbeidet som ligg bak. Å legge inn element slik ein kan animere seinare, og at alt skal røre seg på ein naturleg måte er særs krevjande, seier ho. Men ho tykkjer likevel det er utruleg kjekt.

LES OGSÅ: Vakkert, grasiøst, sjarmerande, dramatisk og tankevekkjande

Som sjef for gruppa som lagar digitiale kulisser har ho mange ansvarsområde, i tillegg til å produsere kulisser sjølv. Ho har prøvd å halde prosessen ryddig og strukturert for å unngå forvirring og unødig stress. Ho samlar inn til eit møte på starten av dagen der ho høyrer med medelevane sine kva kulisser dei skal jobbe med den dagen, eventuelt oppdaterer ho folk på oppgåver som må gjennomførast.

Det gjeld å halde tunga beint i munnen når ein jobbar med kulisser. Foto: Ida Amalea Furseth

Gler seg til reisa

Ho fortel at det viktigaste fram til premiera er å følge med på alle fristane dei må halde.

SJÅ NOKRE AV KULISSENE HER: Glimt frå ein premierekveld

– Vi har tidsfristar på rekke og rad, og desse må vi halde. Om ikkje går det skeis, rett og slett, seier ho.

Ho gler seg veldig til å sjå dei ferdige produkta til resten av gruppa si, ho har trua på at det blir veldig bra. Både Madeleine sjølv og gruppa hennar har allereie lært mykje, til tross for at dei så vidt har begynt. Det er enda langt til mål, og Madeleine gler seg til reisa musikalen 2019 byr på.