Plakatar tapeteserte veggane på Ørsta kulturhus under musikalveka. Foto: Åge André Breivik.

Musikalplakaten har vore gjennom ein lang prosess med mange steg, før den vart ferdig. Kvifor valde grafisk gruppa å gå for ei hand?

TEKST: Anker Aleksander Bugge

Håkon Følsvik, leiar av grafisk-gruppa og plakatsjef. Foto: Tor Haug Svendsen.

Plakaten starta som ei enkel hand som skvisa jorda, men det endra seg fort frå å vere berre ei vanleg hand til å bli mykje meir detaljert. Der var mange forskjellige forslag om kva som kunne bli plakat, men handa var stor favoritt.

LES OGSÅ: Frå idé til ferdig hefte

Vidareutvikla logoen

Kva symboliserer eigentleg plakaten? Håkon Følsvik er leiar av grafisk-gruppa og er den som har hatt hovudansvar for å få plakaten til å sjå bra ut. Han seier at handa symboliserer at jorda blir kvelt av menneska.

– Tanken er å vise at viss vi held fram slik så øydelegg vi jorda. Det var ein logoidé først, men så blei det bestemt at det var betre å ha den som plakat, litt fordi den var lettare å utvikle som plakat enn å bruke den som logo, fortel Håkon.

Vidare fortel han at det eigentleg var litt vanskeleg, fordi meininga og bodskapen i plakaten er litt skjult og kan vere vanskeleg å formidle. Også er det mykje info å få inn på ein plakat.

– Så det har vore litt krevande til tider. Men det har stort sett gått fint, meiner Håkon.

SJÅ MUSIKAL-TV HER: Episode 1 // Episode 2

Slik ser plakaten for Musikalen 2019 ut.

Frå idé til ferdig produkt

Arbeidsprosessen starta av med ei kort idémyldring, der idéane var baserte på logoen.

– Vi lagde nokre grove skisser som vi viste til Jan Terje, og fleire av lærarane, og fekk konstruktiv kritikk og tilbakemelding på kva dei syntest var bra og mindre bra, seier Håkon.

Dei jobba deretter vidare med handa, då det var denne ideen som var best likt. Det blei mykje arbeid  for dei tre på gruppa, og til slutt var det han som gjorde finpussen.

– Men heldigvis hadde vi ein god lærar som hjelpte oss gjennom heile prosessen som senka litt på presset, kan han fortelje. Læraren som har vore med på plakaten er Håvard Krøvel-Velle, som underviser i grafisk design.

LES OGSÅ: MANNEN MED ALLE HATTANE