Svenning på veg heim frå musikaløving.

Enkelte har litt lenger dagar enn andre under musikalveka. Dei som pendlar heim til Brandal, til dømes.

TEKST: Anna-Emilie Hovdenakk Eriksen

Sjå video av Svenning sin tur-retur Ørsta-Brandal nedst i artikkelen.

Det er ein ganske sliten gjeng du finn på scena etter siste framføring fredag 22. februar. Dei har gjennomført fire dagar med forrykande show som har fått publikum til å gå ut av salen med gåsehud over heile kroppen.

LES OGSÅ: Vakkert, grasiøst, sjarmerande, dramatisk og tankevekkjande

I tillegg til slitne kroppar finn du musikkelevar som har ein ekstra lang veg til og frå musikalen og skule livet elles. For det er ikkje berre ørstingar og voldingar som deltek på musikalen i Volda.

Sikta tidleg mot musikklina

Litt før 06.30 står Svenning Veiseth på Brandal og ventar på taxien som skal køyre han til Hareid der han tek bussen vidare til Volda vidaregåande skule. Vegen til og frå skulen er lang, og det å vakne 05.55 om morgonen for å rekke å ordne seg, ta taxi til Hareid og bussen vidare til skulen innan klokka er 08.15 kan ofte vere veldig tungt.

Allereie som åttandeklassing visste Svenning kva linje han skulle gå på vidaregåande, men valet var likevel vanskeleg, ettersom det stod mellom to skular. Etter kvart vart valet tatt og Volda Vidaregåande blei det. Dermed starta pendlinga mellom Brandal og Volda.

– Det stod eigentleg mellom Fagerlia og Volda når eg skulle ta valet om skule, men så tenkte eg at det virka mykje kjekkare å gå her i Volda på grunn av miljøet og alle dei kjekke lærarane, seier Svenning og smiler breidt.

MADELEN (VG1) ER EINIG: – Eg anbefalar musikklinja sterkt

Ville bu på hybel

Når det kom til spørsmålet om han heller ville bu på hybel enn å pendle var svaret klart, det var eit stort ja. Men etter eit og eit halvt år på Volda VGS bur han fortsatt heime og det er fordi han har so mange fritidsaktivitetar som skjer på Hareid, slik som friidrett og tensing, fortel Svenning.

LES OGSÅ: – Veldig lærerikt

I musikalveka blir dagane til Svenning ekstra lange og slitsame, og det påverkar han. Men han syns likevel det er kjempekjekt å vere ein del av musikalen.

– Eg angrar ikkje eit sekund på valet, seier han.

Under kan du sjå video som Svenning filma mellom to øvingsdagar i musikalveka.