Musikallogoen opna andre akt til den dramatiske «Also Sprach Zarathustra» (Foto: Ståle Hansen).

Lysdesigner og scenograf, Jiří Nagy, gav MK spennande overflater å projisere på i år.

TEKST: Håvard Krøvel-Velle

Det var nesten ikkje ein tomme av scena som ikkje var kledd i papir under årets musikal. Alt de såg av bilete, animasjonar, film og visuelle effekter var det medielina som stod bak, og saman med Jiří si lyssetjing bidro dei «digitale kulissene» til å definere tid og stad, setje stemninga, formidle handlinga og forsterke showfaktoren.

Dei digitale kulissene + lydeffekter vart styrt av Ida Kathrine Scheel og Madeleine Vatne Viddal på alle dei offisielle framsyningane. På skuleframsyninga fredag fekk medelevane Jasper Grenager Longva og Håkon Følsvik prøve seg.

Å styre dei digitale kulissene er ein krevjande og nervepirrande jobb – ein live performance som krev like mykje fokus som for dei som står på scena. Her må lydeffekter, stillbilete, animasjonar, filmar og visuelle effekter spelast av på riktig tidspunkt, og tonast inn og ut på saumlaust vis.

Nedanfor kan de sjå biletgalleri av dei digitale kulissene, fordelt på dei to aktene.

Fyrste akt

Andre akt