Khaled Moussa framfor plakaten til Musikalen 2019. Foto: Natalie Johannsen Øvrelid.

I Musikalen 2019 såg du han som spøkelsjeger, men mange kjenner han kanskje att som stemma til Benjamin Kanin.

TEKST: Anker Aleksander Bugge

Khaled Moussa er sentral i fleire scener under musikalen, melllom anna som solist på “Staying Alive” og Ghostbusters. Men visste du at han også er stemma bak Benjamin Kanin i barne-tv-serien “Petter kanin”.

Korleis fekk eigentleg Khaled rolla som Benjamin? Var det med på å øke lysta til å gå musikklinja? Khaled har takka ja til eit lite intervju om akkurat dette temaet.

LES OGSÅ: Kvifor treng koret oppvarming?

– Det var berre meg og ein til. Det som gjorde at eg fekk rolla var at eg hadde ei veldig barnslig stemme som var veldig uskuldig, og det passa perfekt til benjamin, fortel Khaled.

Når spørsmålet om det var med på å øke lysta til å gå musikklinja, ler han litt.

– Nei, eigentleg ikkje. Musikk er noko eg alltid har likt utruleg godt, så det hadde eg valt uansett!

Kva gjer Khaled på scenen?

– I år dansar eg på “Eye of the Tiger”, og syng på “Staying Alive” og “Ghostbusters” som solist. Favoritten min er “Ghostbusters”, seier han.

– Eg likar den best fordi det er ein litt tøffare song og gøyare dans, meiner Khaled

Khaled Moussa var med på sin fyrste musikal med «Back to the Future – for the World’s sake». Foto: Natalie Johannsen Øvrelid.

Musikalen har mange flotte scener scener, så det kan vere vanskeleg å velje seg ein favoritt. Men Khaled er ikkje i tvil.

– Favoritten min er når koret syng Lacrimosa, fordi den er mystisk og unik, seier han.

SJÅ STEMNINGSRAPPORTANE: Dag 1, dag 2, dag 3, dag 4 og dag 5.

Opplevinga rundt musikalen

Dette er første musikalen til Khaled, og han har vore veldig spent på korleis opplevinga er.

– Opplevinga rundt musikalen har vore veldig spanande og ny, og den er full av euphoria. Det er veldig gøy, seier han med eit stort smil rundt munnen.

– Det er frekt av meg å seie det sidan eg har fått fleire roller enn dei på min alder, men eg har lyst på ei meir sentral rolle, og det trur eg at eg kan få dei neste musikalane, avsluttar Khaled lattermildt.

SJÅ BILETSERIE: God stemning bak scena