Madelen trivst med linja si, musikk, dans og drama ved Volda vidaregåande Foto: Mari Holstad Hauge.

Det seier Madelen Rimstad, som går VG1 på musikk, dans og drama.

TEKST: Mari Holstad Hauge og Ida Oline Skeide

[Artikkelen er skriven før musikalen hadde premiere.]

Kvart år arrangerer Volda vidaregåande skule musikal. I år er det den 23. musikalen Musikk, dans, dramalina og Medium og kommunikasjon har laga.

LES OGSÅ: Vakkert, grasiøst, sjarmerande, dramatisk og tankevekkjande

Første helga i februar var musikk veldig klar for den første gjennomkjøyringa av musikalen, “Back to the future – for the world´s sake”.

– Det gjekk veldig fint, men det er liksom veldig mykje venting og slik. Fordi alt skal begynne å komme på plass så det blir venting og det tar tid, men det var veldig gøy, fortel Madelen Rimstad.

Frå Vanylven til Volda

Madelen Rimstad er ei jente frå Åheim i Vanylven, ho er 16 år og går musikklinja ved Volda vidaregåande skule. Dette er første året ho skal vere med i musikalen, og ho er veldig spent på korleis dagane framover kjem til å bli.

SJÅ STEMNINGSRAPPORTANE FRÅ MUSIKALVEKA: #1 // #2 // #3 // #4 // #5

Madelen står ikkje tidleg opp om morgonen for å rekke bussen. Ho har flytta på hybel i Volda for å kome nærmare skulen.

– Hybellivet går eigentleg ganske bra, men det er ganske dyrt med mat da. Eg bor også på hybel med 3 andre studentar. Det er ikkje så veldig vanskeleg å stå opp om morgonen, og eg trivst veldig godt her med tanke på at eg får gå på ei linje eg likar, seier ho.

Snart pause for disse slitne musikkelevane. Foto: Ida Oline Skeide.

Skal også danse

I musikalen skal Madelen kore på dei fleste songane, men ho skal også danse. Dansane ho skal vere med på er «Eye of the Tiger» og «Forrest Gump». Madelen valgte ikkje sjølv at ho skal danse på musikalen, sidan alle førsteklassingene skal både koret og danse så vart det slik for ho og

– Med tanke på sjølve sangene likar eg best ein som heiter “Oblivion”. Men med tanke på framføringene så likar eg best “Joyful, joyful”, sjølv om eg berre står i koret på desse songane, seier Madelen.

LES OGSÅ: Kvifor treng koret oppvarming?

Musikklinja hadde øvingshelg i Volda, dette er den første av to øvingshelger som skal gjennomførast før premiera til musikalen. Madelen deltok flittig på øvingshelga og var i Volda både laurdag og søndag.

Koret syng og dansar til dei ulike låtane musikalen byr på. Foto: Mari Holstad Hauge.

– Det er veldig krevjande å lage ein musikal og det blir lagt veldig mykje jobb i arbeidet, det er og veldig kjekt å være med. Det å faktisk vere med i musikalen er noko heilt anna enn å verkeleg sjå den.

Jenta frå Åheim har store forventningar til sin første musikal. Ho valde å gå musikklinja fordi ho alltid har heldt på med musikk.

– Eg valte å gå denne linja fordi at eg har alltid drive med musikk. Eg heldt på med sport før, men eg trivst betre med musikk. Når eg går ei linje som eg får generell studiekompetanse av og får drive med det eg lika best, det synest eg er ganske kjekt.

– Eg anbefala musikklinja sterkt for dei som er interessert i musikk, tilføyer Madelen.

SJÅ BILETSERIE: God stemning bak scena