– Det er kjekt å vere med på noko som er større enn seg sjølv, seier MK-elev Benedikte Fagerhol Vartdal.

Tekst og foto: Hannah Leite Sære

Benedikte Fagerhol Vartdal (17) er ein av mange MK-elevar ved Volda vidaregåande skule. Det er andreklassingene ved medielinja som står for produksjon av bilete, artiklar, videoar, logo og liknande under årets musikal.

– Det er givande og sjølvsagt spennande å få vere med på produksjonen av årets musikal, fortel Benedikte. Ho har for det meste  jobba som journalist for medieredaksjonen, samt tatt bilete til bildeseriar.

LES OGSÅ: SÅ MYKJE ARBEID LIGG BAK EITT BILETE

– Eg har vore med på å skrive litt av kvart, det har vore veldig lærerikt, seier ho.

Benedikte Fagerhol Vartdal arbeider med eit bilete til ei featuresak. Foto: Hannah Leite Sætre

Fotogruppa har fått ansvar for blant anna bilde til programhefte, bilde til bildeseriar og bildegalleri. Noko anna dei har ansvar for er å ta stemningsbilder av MK- og musikkelevar. Fotografane har også ansvar for å ta bilder under forestillingane til musikalen.

LES OGSÅ: FRÅ FILMENTUSIAST TIL DOKUMENTARFILMSKAPAR

– Å ta konsertfoto under musikalen er noko eg gledar meg til. Eg likar å ta bilder som fangar stemninga som er på scena. I tillegg har eg litt erfaringar med slike bilde fra tidelegare oppgåver, fortel Benedikte.

SJÅ BILETGALLERI: Glimt frå ein premierekveld

Musikalen.no er ei eiga side der det blir publisert produkt som MK-elevane lagar. Her blir det publisert artiklar, videoar, biletseriar, osv. I tillegg er det sendt ut artiklar til dei ulike lokalavisene i nærområdet. Musikalen har også ein instagrambrukar som er verdt å sjekke ut: @musikalenvoldavgs.

«Back to the Future – for the World’s sake» er den 23. musikalen som er laga ved skulen. Den hadde premiere 19. februar på Ørsta kulturhus, og framsyningane heldt fram til 22. februar.