Lisa Bendal, Sondre Øvrebø og Hanna Lundebrekke. Begge foto: Benedikte Vartdal Fagerhol.

– Eg er like imponert i år som eg var i fjor, fortel Hanna Lundebrekke etter premieren.  

TEKST: Hannah Sætre

Første framsyning er ferdig på tirsdagskveld, og vi spurte tre av dei som var og såg premieren til «Back to the Future – for the World’s sake» kva dei synest om den.

– Den var skikkelig bra, det var god samanheng og eg fekk med meg alt som skjedde, fortel Hanna Lundebrekke.

LES OGSÅ: Store ord frå æresgjestane

Ho har også vore på nokre av dei tidlegare musikalane, og er allereie klar på at ho skal sjå neste års musikal.

– Ja, garantert, seier ho.

Musikalen 2019 hadde framsyningar frå 19.-22. februar. Fleire hundre menneske var innom, og mange har gitt gode tilbakemeldingar på den 23. musikalen frå Volda vidaregåande skule.

– Eg synst den var veldig roleg i byrjinga, men det tok seg veldig opp, meiner Sondre Øvrebø.

Han er tidlegare MK-elev, og har sjølv vore med på musikalprosjektet.

Både han og Lisa Bendal har sett tidlegare musikalar. Lisa legg til at ho synes det  er veldig kjekt at det blir gjort noko annleis enn kva som har blitt gjort tidlegare.

SJÅ VIDEO: Bak bileta i programheftet