Hildur Sandstad Dalen er musikklærar og underviser i song. Her forklarer ho kvifor koret må varme opp før dei skal syngje. Foto: Øystein Nyhammer

– Det er det som skjer først, vi finn best pust, riktig pust og vi finn roa, seier songlærar Hildur Sandstad Dalen.

Tekst: Daniel Pilskog Homberset // Foto: Øystein Nyhammer

Det mektige koret er ei særs viktig brikke under musikalen «Back to the Future – for the World’s sake». Som resten av musikklinja, har også dei øvd i lange tider for å få på plass alt, og elevane med klasserom på nedre bygg har gjennom vinteren høyrt synging kvar dag. Litt som når ein har gym, går dei ikkje direkte til hovuddelen. Koret må først ha oppvarming. Vi ville vite litt meir om dette, så vi sette oss ned i biblioteket med musikklærar Hildur Sandstad Dalen for eit intervju.

LES OGSÅ: VAKKERT, GRASIØST, SJARMERANDE, DRAMATISK OG TANKEVEKKJANDE

Kvifor varmar ein opp før ein byrjar å øve?

– Det er ikkje alle som treng å varme opp før dei begynner å synge faktisk. Nokon kan berre gå i gang å synge, men det er noko heilt spesielt om vi har eit kor, fordi vi vil gjerne at dei skal få likt fokus, og så vil vi gjerne at det skal bli laga tilsvarande lyd. Vi må få slått på dei rette musklane, ta i bruk kroppen.

Vi må få slått på dei rette musklane, ta i bruk kroppen.


Songlærar Hildur Sandstad Dalen

Kva skjer under oppvarminga?

– Det er det som skjer først, vi finn best pust, riktig pust og vi finn roa. Så startar vi med stemmeøvingar og lagar lydar med stemma som skal tilkoplast den pusten. Sakte men sikkert under oppvarminga finn vi balansen vi skal ha når vi syng.

– Ei av øvingane vi gjer mykje er «joooooooh». Då får vi aktivert dei nødvendige tinga og vi får god pust. Av og til skal vi ha opera klang og av og til skal vi ha sann «HEY», pop lyd.

Kor lang tid brukar de på oppvarming?

– Når vi skal øve intenst til musikal brukar vi eit kvarters tid. Men om det er vanleg korøving og vi ønsker å jobbe spesielt med eit teknisk fenomen, kan vi bruke lenger tid.

SJÅ BILETSERIE: GLIMT FRÅ EIN PREMIEREKVELD

Har du nokon tips for å varme opp stemma, som folk kan bruke heime?

– Vi treng å bruke stemmen på ein måte utan å bli sliten. Prøv å snakke litt lavt, men ikkje for lavt heller for det blir unaturleg. Det er lurt å snakke tydeleg og bruk konsonantane for da sparkar ein litt i frå magemusklane og dermed begynner dei å jobbe og stemma blir ikkje så sliten. Om du snakkar eller syng mykje stig strupehovudet og blir anspent. Det er nokre øvingar vi kan gjere for å løyse opp det. Ein typisk øving er å lage denne lyden, J-DMMM, J-DMMM. Det er eigentleg ingen vokalar der, det er berre rett frå j- til d- til mm.  

Vi takka Hildur for intervjuet og lot ho fortsette med dagen.