Benjamin (t.v.) og Alex med koret i bakgrunnen. Ben står som nummer tre frå høgre i bakarste rad. Foto: Elisabeth Steinnes

– Før likte eg ikkje så godt å synge men no skjønnar eg ikkje kvifor eg ikkje likte det, seier Ben Shumway. Den amerikanske utvekslingseleven var med på sin fyrste musikal med «Cry Wolf».

Tekst og foto: Tomas Sævik

Amerikanske Ben Shumway var med i sin fyrste musikal med «Cry Wolf». Foto: Tomas Sævik

Ben Shumway er utvekslingsstudent her i Volda og har delteke i årets musikal. Ben kjem frå Slippery Rock i Pennsylvania USA, ein liten landsby nær Pittsburgh. Ben var med i koret i musikalen i år.

Når Ben først kom til Volda gjekk han studiespesialiserande men bytta deretter til musikk, dans og drama fordi han kunne ikkje sjå for seg at han fekk bruk for det han lærte på studiespesialiserande.

– Eg er meir interessert i skodespel og musikk, seier han. Før Ben kom til Volda gjekk han på Slippery Rock High school.

– Likte ikkje så godt å synge

Når Ben er heime i USA liker han å drive med sport som Fotball, terrengløp og symjing. Han spelar og instrument som gitar, piano og trompet. Ben har sett nokre musikalar før han blei med på Volda Vidaregåande si framsyning, han har og vært med og spele i band på nokre musikalar heime i Pennsylvania før denne, så dette er ikkje hans første deltaking i ein musikal.

– Eg syntest det er utruleg kjekt å være med i koret. Før likte eg ikkje så godt å synge men no skjønnar eg ikkje kvifor eg ikkje likte det!

Ben syntest det er gøy å være med i musikalen for han er med på å leggje til småting til framsyninga, han syntest det er gøy å være ein del av forteljinga. Ben har likt skodespel heile livet men har ikkje likt å synge før no nyleg.

I musikalen «Cry Wolf» er han med i koret, men han skulle ønske han kunne hatt audition for ei rolle som ein av karakterane i musikalen, der han var for sein til å søke.

– Det er karakteren Benjamin som passar best for namnet mitt, seier han om det å vere med som skodespelar, men han er glad han i det heile tatt får være ein del av musikalen.

– Ei veldig god erfaring

– Det beste med heile opplevinga er å få vere med på dei små tinga som gjer musikalen heil. Å sjå og lære om korleis slike produksjonar er laga og sjå kor mykje arbeid som ligg bak detaljane som til dømes dei digitale kulissene.

Ben seier at han har likt kvart sekund av musikalprosjektet, og at det han liker minst med musikalen er at han ikkje kan vere med fleire gongar.

– Det har vore litt vanskeleg å snakke med folk utanfor klassa men i klassa går det fint.

Ben seier han har hatt det litt vanskeleg å få kontakt med folk som ikkje går i klassa hans fordi han ikkje snakkar norsk, men han har framleis fått mange nye venar i klassa si.

– Musikalen har vore ei veldig god erfaring og utvekslinga mi handlar om at eg får nye erfaringar og lærer mykje, seier han. No står han att med synging som er betre trena, og han har og fått ei større interesse for å synge.

  • Sjå stemningsrapportane frå årets musikalveke: #1 // #2 // #3 // #4 // #5