Sander Elias laga blodet som vart brukt på scena under musikalen «Cry Wolf». Foto: Elisabeth Steinnes

Korleis vart blodet du såg i musikalen «Cry Wolf» laga? Det finn du ut om du ser videoen i innlegget her.

Tekst og video: Kristoffer L. Lilleøy og Oda Warholm

Daniel og Sander viser korleis blodet skal leverast på scena. Foto: Elisabeth Steinnes

Som den tjueandre musikalen i rekkja har ”Cry Wolf” ei av dei meir dystre og alvorlege handlingane vi har opplevd. Vi fekk musikkelev Sander Elias Andersen til å demonstrere korleis blodet blir laga og brukt i musikalen 2018.

Ei enkel blanding av lys sirup, vatn, kakaopulver og melis skal til for å lage det autentiske blodet som blir brukt i ei av dei mest dramatiske scenene i årets musikal. I videoen viser Sander Elias måten dei gjer det på når dei skal lage blodet.

I siste del av videoen får vi også sjå korleis dei får hovudpersonen til å blø ”live” på scena under framsyningane.