Summer syng under «Crying In The Rain». Her skal Runa vere med på dansen under siste framsyninga av «Cry Wolf». Foto: Elisabeth Steinnes

Fredag var siste framsyninga av musikalen “Cry Wolf”, og to nye elevar kom inn i nye roller. 

Tekst: Brian Dale

Kjersti Aksnes gjekk ut av si rolle på fredag, og inn kom Runa Bergem og Siw Helen Torvik på kvar sine område. Runa og Siw Helen var å sjå under sangar som “Blue Sky” og “Crying In The Rain”.

Siw Helen Torvik som stand-in på «Blue Sky». Foto: Pia Rogne Notøy.

Det var spanande å sjå kordan dei nye personane ville gjennomføre si rolle. Men kva tenkte dei to som tok over om sine nye roller?

Siw Helen tok over for Kjersti under sangen “Blue Sky”, og det gleda ho.

– Det er sjølvsagt veldig kjipt at Kjersti ikkje kunne gjennomføre på fredagen, men eg håper eg var ein god erstatter. Eller så gler eg meg veldig, det blir veldig spanande og kjekt å få prøve seg i ei større rolle, seier Siw Helen.

Runa Bergem gler seg også stort til å få danse under “Crying In The Rain” på framsyninga.

 Eg synest det er utruleg gøy å få prøve meg. Eg fikk prøvd meg litt fram på premieren, men gler meg likevel veldig til fredag, sa ho etter at dei hadde fått øvd seg gjennom sine nye roller dagen etter premieren.

Det ligg mykje arbeid og øving bak ein musikal, så det blir spanande for Siw Helen og Runa fram mot fredag.

Runa Bergem skal danse under «Crying In The Rain». Foto: Pia Rogne Notøy.

– Eg kjenner eg har ganske grei kontroll, men sjølvsagt står det att enda litt arbeid, for at eg skal kjenne meg heilt trygg på det eg skal framføre, legg Siw Helen til.

Runa Bergem har også god kontroll fram mot fredagens framsyning.

 Eg har faktisk ikkje fått øvd så alt for mykje, men har god kontroll følar eg. Har fått prøvd meg litt under øvinger og det har funka fint, så eg trur dette blir veldig bra, avsluttar Runa.

Tusen takk til alle de som fylgte oss gjennom musikalen 2018. For meir oppdateringer om kva me driv med, følg oss gjerne Facebook og Instagram.