Her står koret og syng på AMFI. Foto: Kristoffer L. Lilleøy

På Ørsta kulturhuset har generalprøva akkurat blitt køyrt, og det er få timar att til premieren på musikalen. For å gi folket ein smakebit reiste musikklina til kjøpesenteret for å spele sangar til forbipasserande.

Tekst: Brian Dale

Even Sævik var med å synge under opptredenen. Foto: Kristoffer L. Lilleøy

Endeleg var dagen der! Det er berre timar att til premiere på musikalen 2018, “Cry Wolf”. På AMFI-senteret i Ørsta stiller ein stor gjeng frå musikklina for å framføre smakebitar av musikalen.

  • Nedst i artikkelen kan du sjå nokre bilete frå denne opptredenen på AMFI.

Mellom dei som sang var Even Sævik. Han var med på å synge “Summer Moved On” under opptredenen på AMFI tre timar før premieren.

– Det var utruleg artig, faktisk. Det var veldig spesielt, og kjentest annleis enn å stå på scena på kulturhuset, men det var veldig kjekt å prøve noko anna, svarer Even.

Det var lovande stemning før premieren på musikalen i kveld. Folk på AMFI sang med og det var god stemning. Even håpar stemninga blir lik under premieren.

 – Håper det blir like god stemning i kveld, det verka som folk likte det godt no vertfall, så eg gledar meg veldig til i kveld, sa han før returen til kulturhuset.

Nervane er likevel tilstades, også hjå Even.

– Sjølvsagt er det litt nervar før kvelden. Eg har god kontroll eigentleg, men skulle sjølvsagt gjerne hatt enda litt meir finpussing, legg han til.

Følg gjerne musikalen vidare på Facebook og Instagram.