Her blir det gjort klart til innspeling i lydstudioet på Volda VGS. Foto: Kristoffer L. Lilleøy

 

Vel ei veke før musikalpremieren finn me Kjartan Van Dijk Festøy i lydstudioet til Volda vidaregåande med celloen sin. Der var han for å spele inn musikk som skulle brukast i musikalen ”Cry Wolf».

Tekst og foto: Kristoffer L. Lilleøy

5. januar, vel ei veke før musikalpremieren sat han klar med celloen. Der skulle det spelast inn musikk som ikkje kan gjerast live saman med resten av orkesteret.

Kjartan Van Dijk Festøy i lydstudio på Volda vidaregåande skule. Foto: Kristoffer L. Lilleøy

Årets musikal ”Cry Wolf” var den tredje og siste skulemusikalen Kjartan var med på. I dei tidlegare musikalane har han sunge i kor og dansa, men i fjorårets musikal fekk han også spele eit solonummer med celloen sin. I år derimot har han fått ei litt anna oppgåve.

 – I år skal eg som før stå i kor og synge, men også blant anna spele ein nedstemt akustisk versjon av ein song ”live”. Eg har også vore i lydstudioet for å spele inn til nokre songar på forhånd.

Det Kjartan spelte inn skal seinare bli lagt til i bakgrunnen av nokre av songane i musikalen. Grunnen til forhåndsinnspelinga er at det vil bli vanskeleg å spele samstemt med orkesteret ”live” under forestillingane.

Bak scena sit orkesteret. Med mellom anna tverrfløyte, trommer, gitar og bass forsyner dei musikalpublikum med live framført musikk. I tillegg må altså noko av det vere spelt inn på førehand.

Kjartan var verkelig ein optimist før årets musikal starta.

– Eg har trua på at resultatet kjem til å bli knallbra. Alle verkar godt budd, og alt berre ser bra ut, avsluttar han.