Her under premieren på musikalen! Foto: Elisabeth Steinnes

Det står att berre ei framsyning av musikalen “Cry Wolf”, og mange elevar er snart ferdig med sin aller siste musikal med Volda Vidaregåande.

Tekst: Brian Dale

Kjartan Van Dijk Festøy går 3MU, og er med på sin siste musikal. Foto: Brian Dale

Kjartan Van Dijk Festøy går 3MU på Volda Vidaregåande og er med på sin siste musikal med skulen. Det gir blanda kjensler.

– Musikal er alltid veldig kjekt å arbeide med, og eg elska produksjonen i år, så eg synes det er veldig kjekt. Men det er jo sjølvsagt veldig trist at dette er siste gong, seier Kjartan.

Kjartan vil under musikalen i år stå i koret, og spele på sin cello i starten på andre akt.

Saman med Kjartan i koret har vi også Amanda Bjørneset. Amanda er på sitt andre år på vidaregåande. Ho synest det er trist å tenkje på at det var siste musikal med elevane fra tredje klasse

– Det er litt blanda stemning no, folk virka veldig gira på å få til ditte bra, men det er jo veldig trist å tenke på at vi nærmar oss slutten på musikalen. Det blir veldig rart å ikkje lage musikal med noverande tredje klasse neste år. Dei som spelar no er utruleg flinke, så det blir vanskeleg å leve opp til, svarer Amanda.

Amanda Bjørneset fra 2MU. Foto: Brian Dale

Ei anna vi ser i koret er Charlotte Rimstad. Ho skal stå i koret, og danse under “Scoundrel Days”. Charlotte er inne i sitt siste år på Volda vidaregåande, og sin siste musikal, noko som vekkjer kjensler i klassa

– Det er kjempekjekt å jobbe med musikal, og prosessen bak er helt fantastisk. Men det er veldig trist at det er siste musikalen vår, og eg trur ikkje skule blir det same uten musikal, seier Charlotte.

Stemninga er likevel god bak scena på musikalen. Til tross for at musikaleventyret nærmar seg slutten.

– Stemninga er veldig bra, folk verkar veldig gira på å få til ei bra framsyning. Forrige framsyning gjekk kjempebra, så folk verkar veldig på, avsluttar Charlotte.

Charlotte Rimstad fra 3MU er med på sin siste musikal.

Kvart år på vidaregåande har elevane delteke på musikalen, og no som dei skal vidare, vil musikalen vere eit kjempesakn, og eit minne for livet.

Hugs at du framleis kan fylgje oss her på musikalen.no gjennom vinterferien for fleire oppdateringer.