Her ser vi både Erlend og Henrik i ei scene i «Cry Wolf». Foto: Elisabeth Steinnes

I dag var siste framsyning av musikalen “Cry Wolf”, og snart startar arbeidet med ein ny musikal. Men no har vi sett “Cry Wolf” direkte for aller siste gang.  

Tekst: Brian Dale

Erlend Fiskaa Ødegård fra 3MU. Foto: Brian Dale

Det var mange triste elevar bak sceneteppet då siste framsyning var over. Sidan nyttår har elevane jobba med musikalen, no er det over for i år, og tredjeklassingar har delteke for siste gong.

Erlend Fiskaa Ødegård er blant dei vi har sett mest av i musikalen ”Cry Wolf”, der han har spelt rolla Alex Meyer. Erlend er inne i sitt siste år på Volda Vidaregåande, og er no ferdig med sin aller siste musikal.

– Det er veldig vemodig, det er så utruleg kjekt å arbeide med musikalen, men det skal bli deilig med ei lita pause også no, for det er ei slitsom veke, seier Erlend.

Lovar å kome tilbake

Erlend lovar likevel å kome tilbake til Volda for å sjå fleire musikalar.

– Det er jo heilt fantastisk å arbeide med, så eg skal kome tilbake for å sjå fleire musikalar etter at eg er ferdig her, legg han til.

Erlend har delteke på to tidlegare musikalar her på Volda vidaregåande. Det fyrste året stod han i koret, og var med å synge “Home Again”, og som andreklassing spelte han postmann i musikkvideo og sang “Superstition”. saman med to klassekamaratar. I år var han så heldig å få ein av hovudrollene i årets musikal, “Cry Wolf”.

Etter ein hektisk periode, er stemninga god, trass i at dette er aller siste framsyning. 

– Stemninga akkurat no er veldig avslappa, men eg trur det blir litt meir tårer, og trist etterpå, når vi verkeleg er heilt ferdige, avsluttar Erlend.

Henrik Stave fra 1MU. Foto: Brian Dale

– Nydeleg å sjå samhaldet

Henrik Stave går fyrste året på musikklina og har no fått vere med på sin aller fyrste musikal på Volda vidaregåande, det har vore ei oppleving. 

– Min fyrste musikal har gått utruleg bra, og den har berre levd opp til alle forventninger. Også er det nydeleg å sjå alt det gode samhaldet på musikklina, det er heilt unikt, seier Stave.

Henrik Stave er glad for å ha fått vere med på musikalen. I år har han fått vere med å danse, og vere ein av tryggingsvaktene til Alex Meyer. Det har krevd mykje øving, men har vore verdt det.

– All denne øvinga har uten tvil vore verdt det. Det har vore ein fantastisk musikal, og eigentleg berre heilt fantastisk. Så no er stemninga på topp, og vi skal gi absolutt alt i siste framsyning, avsluttar Henrik.  

No som musikalen er ferdig, skal elevane ha ein vinterferie, før dei skal tilbake på skulebenken for fullt. Lærerane på musikklina sett allereide snart i gong arbeidet med neste års musikal. Men frykt ikkje,
Cry Wolf lever likevel vidare her på musikalen.no, så følg med vidare.